Kommunedirektøren har i medhald av opplæringslova § 2-2 utarbeidd framlegg til skulerute for 2024-2025. Skuleruta er lokal forskrift som gir oversikt over skule- og feriedagar for elevane i Kvinnherad kommune, for skuleåret 2024-2025. Elevane har rett og plikt til å møte på skulen desse dagane. Oppmoding frå Skyss om samordning og effektivisering av skuleskyss er lagt til grunn i framlegget. Skuleruta er difor utarbeida i samarbeid med kommunane i FOS- regionen; Bømlo, Stord, Fitjar, Etne.
Framlegget finn du her
.
Alle barnehagar og skular får framlegget tilsendt for uttale.
Merknadar vert å senda til:
Kvinnherad kommune post@kvinnherad.kommune.no
Frist: 30. november 2023