Me ser attende på eit år som har vore innhaldsrikt for Kvinnherad kommune, då det i år var val og me fekk både nytt kommunestyre, samt ny ordførar og varaordførar. Eg vil takka kommunestyret og innbyggarane i kommunen for tilliten me har blitt vist til å leia kommunen dei neste fire åra. Eg har tru på at me saman skal finna dei gode løysningane til det beste for innbyggarane.

Som heilt ny ordførar har det vore interessant og kjekt å bli kjent med kommunen vår på ein heilt ny måte. Kvinnherad er verdas flottaste kommune, og me har så enormt mykje flott natur og menneske å visa fram til omverda. Det er viktig å framsnakka heimstaden og kommunen vår, sjølv om me også har våre utfordringar. Det ligg eit hav av moglegheiter til å utvikla kommunen vidare. Kvinnherad har eit variert og godt næringsliv, i tillegg til gode kommunale tenester og unike frivillige som står for ein enorm innsats som blir lagt ned i lokalsamfunnet. Me skal skapa eit framtidsretta og attraktivt lokalsamfunn. 

Mange i næringslivet opplever no tronge og tunge tider, og det er viktig at private initiativ og gründerar får gode vilkår til å utvikla seg. Kommunestyret har vore opptekne av at eigedomskatten ikkje skal innførast, og dette har me vist med å halda det ute av budsjett og økonomiplanen. Samfunnet er avhengige av bedrifter som gir folk trygge jobbar og skatteinntektene som betaler for velferda vår.  

Me lev i ei uroleg tid. Krig og konflikt verkar å vera den nye normalen internasjonalt. I Ukraina har kampane fortsett og det ser ikkje ut som det vil ende med det første. Kvinnherad har fått mange nye innbyggarar som har flykta frå krig og terror, og det er enormt viktig at me som samfunn er med å gjera deira situasjon lettare og inkluderer dei godt. Det kvilar difor eit stort ansvar på oss alle for å sørge for inkludering i kvardagen. 

I løpet av året har det også vore mange gledesstunder. Takk til lokale krefter som arrangerer til dømes konsertar, gir ut bøker, jubileumsfestar, festivalar med meir. Me treng slike opplevingar i kvardagen, og det er av stor verdi for oss alle at nokon stiller opp og arrangerer slike tilstellingar. Det er ved å delta på slike arrangement me best kan takka dei som går i bresjen og arrangerer. 

Då vil eg med dette ynskje alle ei fin og fredeleg julefeiring. Eg ser fram til å gå inn i det nye året saman med dykk. Tusen takk til alle tilsette i kommunen som sørger for at kommunen har ei god tenesteyting gjennom året, ein ekstra takk til dykk som skal på jobb eller vakt i jula.

 

Hjarteleg helsing
Vegard Bjørnevik
ordførar
Kvinnherad Kommune