Har du oppdaga daude eller sjuke fuglar og mistenker fugleinfluensa?

Dette gjer du: Bruk hanskar og bruk munnbind når du tar opp fuglen og legg den i ein plastpose. Knyt posen og legg den i restavfall.

Meld deretter frå ved å sende e-post til innmelding.fugleinfluensa@mattilsynet.no Det er også fint med ein kopi til post@kvinnherad.kommune.no 

Informasjon du skriv i eposten:

  • kommune, postnummer, adresse og helst også kartreferanse (som du kan finne i kartfunksjonen på mobiltelefonen din)
  • kva art det gjeld
  • kor mange fuglar det gjeld

Dette gjeld for artane:

  • andefuglar (ender, gjess og svaner)
  • havsuler
  • måkefuglar
  • vadarar
  • rovfuglar (spesielt ørn og musvåk)
  • åtseletarar (kråkefuglar)
  • småfugl (kun ved mange døde fuglar på eit lite område)
  • rovdyr (primært observasjon av sjuke eksemplar av raudrev, fjellrev, arter i mårdyrfamilien, gaupe)
  • sjøpattedyr (ønskjer primært melding om observasjon av sjuke eksemplar av steinkobbe og havert)

 Les meir her

Veterinærinstituttet har også ei informasjonsside om fugleinfluensa.