Statens vegvesen og Vestland fylkeskommune vurderer fortløpande situasjonen langs vegane i kommunen og tiltak kan verta sett i verk på kort varsel. Kommunen oppmodar alle innbyggjarar om å vera ekstra merksame og forsiktige, ta ansvar for snørydding på eigen eigedom og sikra at det er opne vassvegar. Følg med i media for siste nytt, og for oppdateringar om korleis vêret utviklar seg.