Det vert stilt krav om at søkjar kontaktar kommunen eller den som yter denne tenesta på vegne av kommunen for innleiande samtalar, og for avklaring av innhaldet i ein eventuell søknad.

  1. Kvinnherad kommune lyser ut midlane i tråd med reglar for bruk av Kvinnherad næringsfond. Midlane lysast ut som eiga ordning; “Kommunalt næringsfond for koronatiltak”.
  2. Ordninga gjeld for eksisterande verksemder for å sikre og å styrke sysselsettinga i samband med koronavirusutbrotet.
  3. Midlane skal nyttast til bedriftsretta støtte, og til andre næringsretta tiltak som kommunen meiner er viktig for å motverke negative verknader av koronavirusutbrotet.
  4. I vurderinga av søknadene skal det leggjast særleg vekt på: – tiltak som fremjar auka økonomisk aktivitet, sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial. -tiltak som motverkar negative verknader av covid-19-utbrotet -tiltak som kjem raskt i gang – nødvendig oppgradering og innkjøp av utstyr som er satt på vent
  5. Samla tilskot skal som hovudregel ikkje overstiga 50 prosent av kapitalbehovet i prosjektet, og det skal aldri overstiga 75 prosent.
  6. Søknader handsamast i Styret for næringsfondet 4. november 2020.

Søk på "Ekstra kommunalt næringsfond for koronatiltak"