UV-stråling | ||||||||||||||||||||||||||||
| Oppdatert: 27.12.2011 14:24 | ||||||||||||||||||||||||||||
| Generelt | ||||||||||||||||||||||||||||
| Tema - Helse - Miljøretta helsevern | ||||||||||||||||||||||||||||
| Beskrivelse
Kvifor bør ein ikkje ta solarium før sommaren eller sydenreise?
Solariestråling er noko anleis enn naturleg solstråling. Den inneheld meir UVA-stråler enn solstråling og noko mindre UVB-stråler. UVA-strålene kan gjere oss brune, men bidrar ikkje til auka produksjon av pigmenter som er det som kan gje vern mot seinare UV-bestråling. UVA-strålene gjer heller ikkje huda "fortjukka". Det er det UVB-strålingen som gjer. Denne fortjukknasen gir huda betre vern mot solstrålene enn det brunfargen kan gje. Soler du deg i solarium kan du derfor bli brun, men får ikkje den herdinga som naturleg solstråling gjev, og som betre verner mot solbrenthet. Tvert imot kan ein bli lurt til å opphalde seg lenger i sola når ein er solariebrun. Solariesoling for å "forbetra" huda mot sola blir nytta oftast i tillegg til å sole seg i naturleg sol. Dermed auker ein også den totale mengda UV-stråling huda blir utsettet for, noko som i seg sjølv øauker kreftrisikoen. Du kan lese meir om UV-stråling, sol og solarier på Statens strålevern.
Miljøretta helsevern/kommuneoverlegen si oppgåve:
Solarier og UV-stråling
Ultrafiolett stråling, eller UV-stråling kjem fra sola og frå kunstige kjelder. Bruken av kunstige UV-kilder er i dag utbreidt innan mange forskjellige områder, både i kosmetiske, medisinske og industrielle samanhengar. Det kanskje mest kjente og brukte av kunstige UV-kjelder er solarier
UV–stråling er den delen av lyset vi ikkje kan sjå, og den er meir kortbølga enn synleg lys. UV-stråling karakteriserast ved dens bølgelengde og kan delast opp i UVA-stråling med bølgelengdeområde 320-400 nm, UVB-stråling mellom 280-320 nm og UVC-stråling mellom ca. 100 og 280 nm. Synleg lys ligg i bølgelengdeområdet 400-780 nm. Ved jordoverflata finn ein ikkje UVC-stråling, fordi stråling med bølgelengder kortere enn ca. 290 nm blir absorbert av ozon og andre gassar i jorda si atmosfære. Ozonlaget hindrer også ein vesentleg del av UVB-strålingen (70-90%) i å nå jordoverflata.
Eit solarium er konstruert for å sende ut UVB- og UVA-stråling for å framkalle brunfarge. Lampene er vanlegvis lysstoffrør som avgir UV-stråling i tillegg til noko synleg lys. Det kan også vere ansiktslamper, som små tynne lysstoffrør ("spagetti") eller høgtrykkslamper. Høgtrykkslamper avgir mykje UV-stråling og krev ekstra filtre for å ta bort deler av UV-strålinga. I Noreg er det bare tillatt med UV-type 3 solarier som er mest lik solspekteret og passer best for den nordiske hudtypen
Intensiteten til UV-strålinga fra sola kan bli angjeve som UV-indeks, og den blir gjeve som eit tall på ein skala, som for den naturlege solstråling normalt går fra 0 til 15, der 15 er høgaste intensitet. Typisk sommersol i Sør-Noreg tilsvarer ein UV-indeks på litt over 6. Maksimal UV-stråling fra eit solarium tillatt i Noreg kan samanliknast med tropisk sol, tilsvarande ein UV-indeks på 12.
Helseeffekt av UV-stråling
Verknaden som kan oppstå av UV-bestråling er avhengig av bestrålingstid, strålinga si intensitet og bølgelende. Skader forårsaka av UV-stråling på menneske er avgrensa til huda og augene, fordi denne strålinga ikkje trenger særleg djupt inn i kroppen. UV-stråling kan medføre akutte hud- og augeskader, som solforbrenning, soleksem og hornhinnebetennelse eller snøblindhet, samt langtidsskader som hudkreft, tidlig aldring av huda og grå stær. Nokre legemidl og kosmetika kan gjøre huda og augene meir følsam for UV-stråling og dermed auka risikoen for helseskade. Hudtype
For UV-strålinga si effekt på hud er det avgjerande kva slags hudtype ein har. Det er vanleg å karakterisere huda ved hudtype skalert fra I til VI. Tabellen under viser korleis ein skille mellom dei ulike hudtypane. I Noreg er det mest vanleg med hudtype I-IV. | ||||||||||||||||||||||||||||
| Pris for tjenesten | ||||||||||||||||||||||||||||
| Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende | ||||||||||||||||||||||||||||
| Serviceerklæring | ||||||||||||||||||||||||||||
| Praktiske opplysninger | ||||||||||||||||||||||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Søknaden sendes til | ||||||||||||||||||||||||||||
| Kontaktinformasjon | ||||||||||||||||||||||||||||
Ansvarlig enhet
| ||||||||||||||||||||||||||||
| Andre opplysninger | ||||||||||||||||||||||||||||
| Dato oppdatert 2011-12-27 14:24 | ||||||||||||||||||||||||||||
| Gyldig fra 2009-10-29 | ||||||||||||||||||||||||||||
| Gyldig til 2012-12-31 |






Epost

