Pressefoto 1

Ordførar

Ordføraren i Kvinnherad kommune er Peder Sjo Slettebø. Han representerer Høgre og har vore ordførar i kommunen sidan 2015.

Ordføraren vert vald av dei folkevalde kommunestyrerepresentantane i eit kommunestyre. I kommunar som nyttar formannskapsmodellen er ordføraren ansvarleg for å organisera arbeidet i formannskapet og kommunestyret, medan ein administrativt tilsett rådmann, har ansvaret for å leia administrasjonen og for utgreiing av saker som vert lagt fram for dei folkevalde.

Ordføraren er den øvste offisielle tillitsvalde i kommunen og deltek i små og store hendingar. Ordføraren har kontor i rådhuset.

Kontakt

Varaordførar

Varaordførar Hans Inge Myrvold (SP) er avløysar for ordføraren og tar over ordføraren sine funksjonar i høve ferieavvikling, permisjon, sjukdom og liknande.

Kontakt
Hans Inge Myrvold
Tlf. 480 25 277