Kvinnherad kulturstipend - Søkjarfrist 01.06

Føremål
Kulturstipendet vert delt ut til einskildpersonar innan kunstnarisk og kreativt virke. Stipendet skal vere eit verkemiddel for personleg utvikling og kompetanseheving innan søkjaren sitt fag. Det skal stimulera til nyskaping og kreativitet. Stipendet kan nyttast til konkrete tiltak eller utdanning utover grunnutdanning (grunnskule og vidaregåande skule) innan faget. Stipendet kan også nyttast til innkjøp av naudsynt utstyr.

Stipendsum
Størrelsen på stipendet vert avgjort av tal på innskytarar. Stipendet kan verte gitt til ein søkjar eller delast på fleire søkjarar etter konkret vurdering. Same søkjar kan ikkje motta stipend til same føremål meir enn ein gong.

Krav til søkjar
Det skal leverast ein skriftleg søknad som inneheld:

  • Personalia: Namn, adresse, alder, kontonummer
  • Skildring av korleis søkjar har tydeleg tilknyting til Kvinnherad
  • Prosjektskildring: Kva ynskjer du å nytta Kvinnherad kulturstipend til
  • Tidsramme for prosjekt/utdanning
  • Budsjett for prosjektet/utdanning
  • CV

Søkjaren skal gje skriftleg tilbakemelding på bruken av stipendet innan 31.12. i tildelingsåret. Søkjar forpliktar seg til å gi eit bidrag attende til Kvinnherad, anten i form av eit kulturinnslag, eit foredrag eller annan konkret jobb som passar til føremålet.

Sakshandsaming

Kulturstipendet vert lyst ut med søknadsfrist 01.05. og skal delast ut innan 01.07. Stipendet vert delt ut av ei arbeidsgruppe som er utnemnd av innskytarane og skal tildelast i tråd med regelverket. Alle søkjarar skal verte skriftleg orientert om vedtaket.

Kvinnherad kulturstipend er eit samarbeid mellom:

  • Sparebank 1 - SR Bank
  • Sparebanken Vest
  • Hydro Husnes
  • Sunnhordland kraftlag
  • Kvinnherad kommune

Kulturstipend_web[1].jpg

Kvinnherad kulturpris - Frist for å komma med innspel til kandidatar 01.06

Levekårskomiteen kan kvart år dele ut ein kulturpris til enkeltpersonar eller lag/organisasjonar i eller med tilknyting til Kvinnherad kommune. Kulturprisen vert gitt for særleg fortenestefull frivillig innsats for kulturlivet i kommunen eller for aktivt kulturarbeid over lengre tid. Levekårskomiteen avgjer om kor vidt prisen skal delast ut kvart år, kven som skal få prisen og korleis han skal delast ut. Dersom komiteen finn at fleire enn ein bør ha prisen same året, kan det delast ut fleire prisar.

Levekårskomiteen er ikkje bunden av innkomne forslag.

Skriftlege forslag til kandidatar skal sendast post@kvinnherad.kommune.no innan 1. juni.