Ureining frå nedgravne oljetankar er ei kjelde til ureining og det vil vera ein miljøgevinst om oljetankar vert tømt, fjerna og levert til mottak. Nedgravne oljetankar som ikkje har ein særskilt grunn for å la bli liggande, skal fjernast. Og fjerne ein nedgraven oljetank er i seg sjølv ikkje søknadspliktig etter plan- og bygningslova kap. 20, men om terrenginngrepet er av vesentleg karakter, kan terrenginngrepet vere søknadspliktig. Når oljetanken er fjerna, skal det sendast inn ein sluttrapport til kommunen der ein opplyser om storleik og alder på tanken, kva materiale tanken er laga av, kart over kvar tanken har vore plassert og kva mottak oljetanken er levert til. Sluttrapporten skal sendast til post@kvinnherad.kommune.no.

Om det av særskilte grunnar ikkje er mogleg å fjerne den nedgravde oljetanken, kan ein søkje kommunen om la vere å grave opp oljetanken. Ved ein slik søknad, må det liggje ved ei grunngjeving om kvifor oljetanken bør bli liggjande, eit kart over kvar oljetanken er nedgraven og bilete som viser situasjonen i dag. Kommunen tek ei konkret vurdering av tilhøva i kvart enkelt tilfelle.

Sjå lokal forskrift om tiltak for å motverka fare for forureining frå nedgravne oljetankar, Kvinnherad kommune lovdata.no/dokument/LF/forskrift/nedgravneoljetankar
 

Særlege tilfelle til løyve om å la oljetanken bli liggjande Store vanskar eller kostnader
Bygningsmasse er plassert over tanken Ja
Tilkomst til oljetanken er uforholdsmessig vanskeleg Ja

 

Tilfelle der oljetankar normalt må fjernast Grunngjeving
Tanken er plassert inntil ein grunnmur Å grave opp oljetanken vil normalt ikkje skade grunnmur (om det kan dokumenterast at grunnmur har skadar eller svakheiter før oppgraving, kan kommunen vurdere å la oljetanken liggje).
Tanken er plassert under beleggingsstein, trapp eller asfalt Ikkje av ein slik kostnad som er uforholdsmessig høg.
Skade på plen, hageplanter Dette er pårekneleg. Ikkje av ein slik kostnad som er uforholdsmessig høg.
Tanken har aldri vore i bruk Det er ikkje noko grunn til at tank som ikkje har vore i bruk, ikkje skal gravast opp (sjå definisjon på oljetank § 1-3 forurensingsforskrifta).

*listene over er ikkje uttømmande

Om kommunen gjev løyve til å la oljetanken bli liggjande, skal oljetanken tømmast og vaskast. Vidare skal tanken fyllast med sand eller grus og påfyllingsrøyr må fjernast. Det skal sendast inn sluttrapport når tiltaka er gjennomført.

Ein nedgravd oljetank vil alltid vere ei hindring eller eit hefte på eigedomen,til dømes om det skal utførast tiltak der tanken er plassert. Ein tank som er fylt med sand eller grus er vanskeleg og dyrt å fjerne.