Kommunen har eit felles søknadsskjema for helse og omsorgstenester. Dette skal òg brukast når du ynskjer å søkje om helsetenester eller praktisk hjelp/heimehjelp. Søknaden skal sendast til rådhuset i Rosendal pr. post. Vi kan ikkje ta imot elektronisk søknad.

Slik søkjer du
* Dersom det er andre som søkjer for deg, må du leggja ved fullmakt
* Det er ikkje søknadsfrist, søknadar vert behandla fortløpande

Du får svar innan 4 veker. Dersom saka ikkje kan handsamast innan den tid, vil du få eit mellombels svar med grunngjeving og kva tid du kan forvente svar.

Klage
Dersom du får avslag på søknaden din, vil vi grunngje dette. I svaret får du informasjon om korleis du klagar og klagefrist.

Skjema finn du her
Søknadsskjema for helse og omsorgstenester