Ei grensejustering vil seie at ein kan overføre mindre areal mellom to matrikkeleiningar (eigedomar) som har felles eksisterande grense.
Ved grensejustering lyt ein fyrst gjennomføre ei oppmålingsforretning der grensene for dei aktuelle matrikkeleiningane vert klarlagt.
 
Målgruppe
Grensejustering kan krevjast av dei som er nemne i matrikkellova § 9. Dette er mellom andre:
  • Den som har grunnboksheimel som eigar av grunneigedom, anleggseigedom eller registrert jordsameige
  • Den som ved rettskraftig avgjerd ved domstolen er kjent som eigar eller festar
  • Den som lovleg har overteke grunn eller anlegg ved ekspropriasjon
Kriterie/Vilkår
Arealet for dei involverte matrikkeleiningane kan aukast eller reduserast med inntil 5 % av den minste tomta sin storleik, men maksimalt 500 m2. For anleggseigedom gjeld spesielt at volumet kan aukast eller reduserast med maksimalt 1000 m3. Uansett kan ei matrikkeleining likevel ikkje avgje meir enn 20 % av det som var arealet før justeringa. Verdien på matrikkeleininga kan ikkje reduserast med meir enn 1 G (G=Grunnbeløp i folketrygda).

Grensejusteringa må ikkje vere i strid med konsesjonslova, jordlova § 12 eller rettslege bindande planar etter plan- og bygnigslova.

Gebyr
Gebyr for tenesta finn du her.

Lover og forskrifter

Skjema/lenkjer

Sakshandsaming
Når krav om grensejustering er motteke, skal kommune fullføre matrikkelføringa innan 16 veker, om ikkje anna frist er avtala.
 
Klage
Klagefristen er tre veker frå det tidspunkt du mottek matrikkelbrevet eller underretning om føring i matrikkelen. Heimelshavarar, eigarar og festarar som avgjerda har betydning for, kan klage på grensejusteringa. Du kan klage til kommunen, som òg kan gje rettleiing. Opprettheld kommunen si avgjerd, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.