Info om besøks- og telefontid pr. 25. juli 2019

For tida har byggesakshandsamarane våre ei stor saksmengd. Det er gledeleg med stor aktivitet, og vi ynskjer sterkt å bidra til dette med rask sakshandsaming.  

Dagens arbeidsmengd gjer at vi er nøydde til å prioritere rein saksbehandling måndagar og fredagar. Dette medfører at vi fram til og med oktober berre kan ta imot kundar på kontor og betene byggesakstelefonen tysdagar, onsdagar og torsdagar. Vi oppmodar og publikum til å bestille time til rettleiing på førehand.  

Avkorting av besøks- og telefondagar gjeld både bygge- og dispensasjonssaker. Kombinert med tilsetting av ny byggesakshandsamar håpar vi tiltaket fører til at vi kjem i rute med søknadane og får ned sakshandsamingstida. 

Vi ber om orsaking for ulempa dette medfører for publikum, men ber om forståing for ei slik mellombels løysing. Har de spørsmål, ta kontakt med avdelingsleiar Hilde Kjelstrup på tlf. 452 10 707.

Kontaktinformasjon

Seksjon:                  Forvaltning
Telefon:                  947 89 309
Epost:                      post@kvinnherad.kommune.no
Postadresse:         Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Besøksadresse:    Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
 

Kontaktpersonar

Namn:                  Jon Harald Kjærland
Tittel:                    Fagkoordinator byggesak
Epost:                   jon.harald.kjaerland@kvinnherad.kommune.no
Tlf.:                       900 26 923
 
Namn:                  Torill Slåke
Tittel:                    Sakshandsamar
Epost:                   torill.slake@kvinnherad.kommune.no
Tlf.:                        982 98 302
 
Namn:                  Jorunn Røssland Eide
Tittel:                    Sakshandsamar
Epost:                   jorunn.rossland.eide@kvinnherad.kommune.no
Tlf.:                        916 67 070