Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Fråvær i grunnskule

Grunnlag
Alle elevar har rett og plikt til skulegang, og føresette har hovudansvar for at elevane møter på skulen. Skulen skal legge til rette for god trivsel og læring.
Føresette har ansvar for å gje melding til skulen første dag eleven er borte frå skulen.
Føresette har ansvar for å orientere skulen ved første teikn på skulevegring eller låg trivsel.
Føresette har plikt til å delta i tiltak for å motverke eleven sitt fråvær frå skulen.

Betre Tverrfagleg Innsats
I Kvinnherad vert BTI-modellen nytta som utgangspunkt for tiltak og samhandling når det skal setjast inn ekstra innsats i barnehage eller skule. BTI- modellen har ein eigen Handlingsrettleiar med lenker til relevante og gode hjelpemiddel og prosedyrar. Her finn du BTI-modellen