Skal du overføre areal mellom tilgrensande matrikkeleiningar (eigedomar), kan arealoverføring vere ein aktuell prosedyre. Arealoverføring opnar for å overføre større areal mellom to eigedomar enn kva som er mogleg i form av grensejustering. Ei arealoverføring krev at det er gjennomført ei oppmålingsforretning der grensene for dei aktuelle eigedomar er klarlagt. Derimot slepp ein å opprette eigen grunneigedom, tinglyse skøyte og utføre ein samanslåing av eigedomane. Arealoverføring skal registrerast i matrikkelen og kommunen skal sørgje for tinglysing.

Målgruppe
Registrert eigar av ein eigedom, anleggseigedom eller registrerte jordsameige.
 
Kriterie/vilkår
Det må føreliggje løyve frå kommunen etter plan- og bygningslova. Det må òg føreliggje naudsynte erklæringar om overdraging av eigedomsrett, pantefråfall og konsesjon for de aktuelle arealet.
 
Gebyr
Gebyr for tenesta finn du her.

Lover ogg forskrifter

Skjema/lenkjer