Det er eit sikkert vårteikn å treffa på ein landmålar som målar inn fastmerke i nabolaget, på gangstien eller heilt utpå jordet. Merka er kvite firkantar, anten kvitmåla eller i form av plater montert på bakken.

Uventa gjester på besøk
Hæ? Kan du få folk med landmålingsutstyr og malingsspann i neven inn i hagen din? Huset og hagen din får du ha i fred. Men eig du ein veg eller annan eigna stad for «signalering» som det heiter på fagspråket når ein sett opp fastmerke for å måle inn flyfoto, kan det henda du får gjester på eigedomen din.

Matrikkelloven gir lovfesta rett til å plassera signal på privat og offentleg grunn. Du skal kunne rekna med at landmålarane tek omsyn når dei jobbar.

Vårens vakraste oppdrag
Det er opphaldsvêr og tørt terreng. Etter å ha funne flat og fast grunn og rydda bort forstyrrande vegetasjon, set landmålaren i gong med å hamra inn ein høveleg spiker.

Fram med målarkosten og kvitmalinga. Spikaren skal signalerast og målast inn. Ein kvit firkant med tydeleg ramme rundt blir måla på bakken, og landmålaren målar inn fastmerket med sitt utstyr.

No skal flyet ha fri sikt inn til den kvite firkanten. Klart til å kartleggja.

Takk for hjelpa!
Plasseringa til fastmerka er planlagt på førehand, men nokre tilpassingar må landmålarane gjera i felt. Alle merka må plasserast der det er føremålstenleg for kartlegginga. 

– Det er svært viktig at fastmerka får vera i fred. Takk for at du ikkje dekk til, flyttar på eller øydelegg dei kvite firkantane. Dette er fellesskapets ressursar i arbeid. Vi vil alle nyta godt av å ha oppdaterte kart når landmålarane er ferdige og flyfotograferinga er gjennomført, oppmodar Jon Otter Skaaret i Kartverket.

Her skal det fotograferast
Kartverkets verksemd innan flyfoto til lands er i hovudsak delt i to aktivitetar. Det eine skjer gjennom Geovekst-samarbeidet, der 15.000 – 16.000 km2 skal fotograferast i 2024. 

Det andre er den rullerande fotograferinga som skjer over heile landet. Der skal 127.000 km2 fotograferast i 2024. 

Vil du sjå huset ditt frå lufta, finn du dette på Norge i bilder. Her kan du òg bla deg gjennom ulike bilde-lag som syner flyfoto frå ulike tidsepokar.

Fakta fastmerke

  • Fastmerka er signalerte punkt som er nødvendig når vi tar flyfoto av terrenget. 
  • Signaleringa består av kvite firkantar, anten kvitmåla eller i form av plater montert på bakken. I utmark er fastmerket ofte ein bolt i fast fjell.
  • Merka målast inn av landmålarar.
  • Nye kvalitetskrav gjer mange eksisterande fastmerke ubrukelege. Det betyr endå fleire nymåla firkantar rundt om i landet i åra framover.
  • Matrikkelloven gir ein lovfesta rett til å plassere signal på privat og offentleg grunn.