Gjeldande reguleringsplan for Børnes, Uskedalen, planID 19780007, vart samstundes oppheva.

Kommunestyret si godkjenning kan påklagast til fylkesmannen i Vestland av den som er part eller har rettsleg klageinteresse. Dette i samsvar med reglane i Forvaltningslova kapittel VI, og jf. Plan[1]og bygningslova (pbl) § 1-9. Klagefristen er i utgangspunktet 3 veker frå det tidspunkt underretning om vedtaket er kome fram til parten. Sjå elles forvaltningslova § 29.

Detaljreguleringa vert no bindande for alle arbeid og tiltak som blir sett i verk innanfor planområdet. Me viser til grunneigar sin rett til å krev innløysing, jf. pbl § 15-2, samt til pbl § 15-3 om erstatning for tap ved reguleringsplan. Krav om erstatning for tap ved reguleringsplan må vere sett fram seinast 3 år etter denne kunngjeringa. Vedtak, plankart, planomtale, føresegner, m.m. finn de i kommunen sitt planregister, sjå lenke: https://www.arealplaner.no/4617/arealplaner/328

Eventuell klage skal sendast som e-post til post@kvinnherad.kommune.no eller som brev til Kvinnherad kommune, Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal.

Ta kontakt ved spørsmål:

Rune Tyse Helland | rådgjevar sektor samfunnsutvikling

Mobil: +47 916 57 970

E-post: rune.helland@kvinnherad.kommune.no

Kommunekart

Børnes industriområde