Kva tilbyr vi?  
Vi har tilbod om dagtilbod, overnatting og lengre opphald ved avlastingsbustaden Villatoppen på Husnes.   

Villatoppen har heildøgns bemanning. Vår målsetting er å skape ein heim for barna.  

Bustadene har ei engasjert personalgruppe som består av ulike profesjonar. Desse jobbar tett saman for å kunne gi barna ein best mogleg kvardag. Arbeidet vårt er basert på samarbeid med andre instansar, foreldre/verje, skule, barnehage og SFO-ordningar. 

 Vi ønskjer å bidra til eit heilskapleg tenestetilbod som er tilpassa barna og familien sitt ønskje. Det er eit avlastingstilbod for føresette. Vi bidreg til at den enkelte får moglegheit til å ha ein trygg og god kvardag, der fokuset er omsorg, miljøarbeid, oppfølging og ein aktiv og meiningsfylt kvardag.   

Kven kan få tilbodet?  
Tilbodet er retta mot barn/ungdom med funksjonsnedsetting.

Korleis få tilbodet?  
De kan søke om tenester frå oss ved å fylle ut dette skjemaet. Sakshandsamar vil i samråd med dykk og avlastinga finne eit tilbod som er i tråd med behovet de har som familie. 

Barnekoordinator

Kan hjelpa familiar som har, eller ventar barn med alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne. Barnekoordinatoren skal blant anna koordinere helse- og omsorgstenestene til barnet og familien. Barnekoordinatoren skal følgje opp og sjå til at kommunen tek i vare sitt ansvar for oppfølging og tilrettelegging.

Kven har rett til barnekoordinator?
Barn under 18 år med alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne og som har behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester og andre velferdstenester.

Kva gjer ein barnekoordinator?
Ein barnekoordinator kan hjelpe familien med å: 

  • ha oversikt over og koordinere dei tenestene de og barnet har kontakt med. 
  • gi dykk informasjon og rettleiing om relevante helse- og omsorgstenester, slik at de enklare får oversikt over rettar og pliktar. 
  • gi informasjon om naudsynte velferdstenester og frivillige brukarorganisasjonar. 
  • få tydeleg fram stemma til barnet slik at barnet sjølv fritt får formidle kva som blir opplevd som god og nyttig hjelp. 
  • sjå til at det er framdrift i arbeidet med individuell plan, dersom barnet har det.  
  • styrke det tverrfaglege samarbeidet ved mellom anna å delta i koordineringsmøte. 
  • gi rettleiing slik at de kan medverke til avgjerder knytt til saka til barnet.

Korleis få tilbodet?
Foreldre/føresette kan søkje om barnekoordinator. Barnekoordinator kan verte innvilga før fødsel. 

Søknadsskjema
Tilmeldingsskjema - eining Barn og familie

Kva skjer vidare?
Når tildelinga er klar, vil barnekoordinator kontakte deg og du må fylle ut ei samtykkeerklæring. Koordineringa skal skje i samarbeid med føresette og barnet, og tenesteapparatet skal leggje til rette for dette.

Kartlegging og vurdering

Dersom de som foreldre har eit omsorgsansvar for eit barn med funksjonsnedsetting vil de kunne ha behov for ekstra støtte for å stå i denne omsorgsoppgåva over tid. 

For å vurdere kva tenester barnet ditt og familien din har behov for, vil vår sakshandsamar få din søknad og vurdere saman med dykk behovet de har. Det vert gjort kartleggingar, vurderingar og vedtak av dei juridiske rettane de har for tenester frå kommunen. 

Sakshandsamar vil med skriftleg samtykke hente inn dokumentasjon frå andre relevante instansar og samarbeide med desse. Sakshandsamar vil ha tett samarbeid med koordinator i saka. 

Sakshandsamar helse og omsorg: 
Bodil Guddal Bjørke, tlf: 91 73 79 28