Eit mangeslungent og variert landskap set sitt preg på kommunen vår, frå skjergardsidyll med øyar og lune viker i sør til høgfjell, tronge fjordar og bratte dalsider i nord. Deler av Folgefonna nasjonalpark finn du i Kvinnherad. I samband med kraftutbygging vart det bygd bilvegar høgt til fjells, og dermed er fjellheimen gjort lett tilgjengeleg for dei fleste. Opparbeidde turstiar og tilrettelagde badeplassar er å finna i dei fleste bygder. Alt dette gjev høve til eit rikt og variert friluftsliv for liten og stor. Ynskjer du å driva med idrett byr Kvinnherad på mange muligheiter. Med heile 27 idrettslag finn du tilbod mellom anna innan fotball, handball, volleyball, hestesport, badminton, motorsport, skyting, kajakk og roing for å nemna noko.

Husneshallen

Husneshallen er eigd og driven av Kvinnherad kommune. Den er 45m lang og 22m breid, har tribuneplass for omlag 330 personar og inneheld 4 garderobar, 2 møterom, toalettanlegg samt eit lite kjøken. Husneshallen vert leigd ut til Kvinnherad vidaregåande skule på dagtid, medan lag og organisasjonar nyttar den på kveldstid og i helgar. Hallen er open for kvelds og helgeaktivitetar frå 20. august til 20.juni, men det er høve til å leige på sommarstid etter nærare avtale.

Aktivitetar 2018
Utleigeprisar 2018
Skisse Husneshallen

Kvinnherad Idrettsråd

Kvinnherad idrettsråd er samarbeidsorgan for lokalidretten i Kvinnherad og Kvinnherad kommune sitt rådgjevande organ i saker som vedkjem idretten i kommunen. Meir om Kvinnherad idrettsråd og deira arbeid kan du finna på heimesidene deira.

Merka turstiar

I Kvinnherad finn du mange og varierte turmuligheter og det er mange lag og organisasjonar som arbeidar for gode stiar og turvegar i bygdene våre. Det er utarbeida turstikart med 69 turstiar som er merka og gradert etter merkehandboka sin standard. Meir om turane og tilhang til kart finn du her

Friluftsområde

Kvinnherad kommune er medlem av friluftsrådet vest som driftar ei rekkje flotte friluftsområde. Meir om områda finn du på nettsidene til Friluftsrådet Vest

TellTur - Turportal

Tell Tur er friluftsråda sitt elektroniske system for turregistrering. Her kan du finna turmål og registrera resultata dine. Kvinnherad har 10 registrerte turmål i portalen. Gå inn få TellTur og finn ditt neste turmål.

Kvinnherad turlag

Kvinnherad turlag er eit lokallag av DNT og Bergen og Hordaland turlag. Turlaget arrangerer turar for alle. Her finn du tilpassa turar til barnefamiliar, ungdom, fjellsportsinteresserte og seniorar. Moglegheitene i nærmiljøet er mange, både når det gjeld turar på ski, til fots og til vanns. Les meir om tilbodet på Kvinnherad turlag sine heimesider.

Skisenter

I Kvinnherad finn du du gode forhold både for langrenn og alpint. Skisenteret i Tveitedalen tibyr lysløype, medan fjellhaugen tilbyr både lysløype og skitrekk. Også fjella i Kvinnherad innbyr til skiaktivitet til langt ut på våren, anten du likar å gå på fjellturar eller du er meir glad i frikøyring.

Fjellhaugen skisenter

Tveitedalen skisenter

 

Folgefonna nasjonalpark

Frå kvinnherad har du god tilgang til den tredje størst isbreen i landet Folgefonna og Folgefonn nasjonalpark. Meir om nasjonalparken og besøksmål finn du her.