Målgruppa til PPT er barn, ungdom og elevar som ikkje får tilfredstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet i skule, eller ikkje får dekka behova sine innanfor det allmennpedagogiske tilbodet i barnehage.

Den pedagogisk-psykologiske tenesta (PPT) skal sørgje for at det blir utarbeidd ei sakkunnig vurdering der lova krev det. Dette gjeld først og fremst vurdering om behov for spesialpedagogisk hjelp for barn i førskulealder og behov for spesialundervisning for elevar i grunnskule.

PPT skal også bistå barnehagar og skular i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling.

Kven kan få tenesta

  • Barn og ungdom i grunnskulealder, 0-16 år
  • Foreldre/føresette til barn og unge
  • Skule- og barnehagetilsette
  • Andre med arbeidsoppgåver knytt til personar med særskilde behov
  • Vaksne med særskilde behov, 19 år og oppover (etter endt vidaregåande opplæring)

Formålet med tenesta

Bidra til at barn, unge og vaksne med særskilde behov vert sikra gode utviklings- og opplæringstilhøve.

Kven yter tenesta

Tenesta er tverrfagleg samansett:

  • Spesialpedagog
  • Sosionom
  • Logoped

Innhaldet i tenesta

  • Utgreiing, diagnostisering og evt. vidare tilvising
  • Direkte hjelp i form av samtalar, råd og veiledning
  • Sakkunnig vurdering i høve til behov for spesialundervisning
  • Veiledning til foreldre/føresette og tilsette i barnehage og skule i ulike spørsmål som angår utvikling, opplæring og rettar for barn og unge
  • Råd og veiledning i høve til barn og unge med samansette lærevanskar, fagvanskar, kommunikasjonsvanskar og sosiale/emosjonelle vanskar
  • Kurs og informasjonsverksemd
  • Samarbeid med andre hjelpetenester, t.d. kommunale instansar, BUP (Barne- og ungdomspsykiatrisk), Syns- og audiopedagog tenesta, det statlege kompetanse-sentersystemet, medisinske 2. og 3. linetenester slik som Haukeland og Vestlund
  • Frambu, rehabiliteringstenesta

Kva du kan forventa av oss

  • Vi vil ta imot deg på PPT-kontoret i Husnestunet til avtalt tid
  • Vi kan møte deg heime, i barnehagen eller på skulen etter avtale
  • Vi vil lytta til det du har å fortelja, og du vil bli møtt med ei positiv haldning og respekt
  • Vi har teieplikt og vil be om ditt samtykke dersom me skal samarbeida med andre fagfolk om di sak
  • Vi er lett tilgjengelege

Kva vi forventer av deg

  • At du deler din kunnskap og dine erfaringar med oss
  • At du aktivt er med på å finne løysingar ut frå eigne behov
  • At du seier kva du ønskjer og gjev tilbakemelding på kva du er nøgd/misnøgd med
  • At du prøver å følgja opp det me saman er blitt einige om
  • At du møter til avtalar og melder ifrå dersom tida ikkje passar.


Skjema finn du her.

Kontakt
PPT-kontoret (inngong og ekspedisjon i sokkeletasjen til Husnestunet)
Stølshaugvegen 5
5460 Husnes
Tlf. 53 46 16 90
Opningstid: Måndag - fredag kl 08.00 - 15.30

Vegard Røssland, leiar PPT
Tlf. 476 32 632