Vedlikehald av veg

Vedlikehald omfattar blant anna:

  • Vedlikehald av vegdekke
  • Brøyting
  • Strøing
  • Kantklypping
  • Merking
  • Skilting
  • Feiing
  • Slamsuging av kummar

Mesta har vedlikehald av riks- og fylkesvegar.

Brøyting

Kommunen har brøyteavtale med 10 kontraktørar. Desse har døgnberedskap i vinterhalvåret. Kommunen eig 2 traktorar med brøyteutstyr. 

Les meir under brøytereglar.

Brøytereglar

Informasjon om kommunen sine reglar for brøyting, salting og strøing

Kvinnherad kommune får mange spørsmål og førespurnadar over manglande vintervedlikehald, som snørydding, strøing og salting.

Eining for veg og park i Kvinnherad vil gje litt informasjon om kva reglar det vert arbeid etter på kommunale vegar.

  • Oppstart av brøyting skjer ved fem centimeter våt snø og åtte centimeter tørr snø.
    • Brøytinga vert utført mellom klokka 05 og klokka 23. Vegane skal vere ferdig brøyta til klokka 07. Dette kan tidvis vere vanskeleg grunna store snøfall over tid eller ved sterk vind i tillegg til snøfall.
  • Snøryddinga vert utført etter følgjande prioriteringar:
    • Sjukeheimar,
    • skular,
    • parkeringsplassar
    • offentlege tilstøytane vegareal kjem først på lista.

Deretter brøyter ein vegar, og ein prioriterer dei mest trafikkerte vegane først, noko som medfører at det tek tid før alle vegar er rydda. Dei kommunale vegane ligg som oftast som ei ledd mellom fylkesvegane og private vegar og det er fleire vegar med lange avstandar som skal ryddast på kort tid.

Kvinnherad har  mange kilometer med fortau som skal ryddast. Utfordringa er at dei er smale, og maskinane store. 

Snø som stenger private avkøyrsler og sidevegar er eit problem som ein prøver å unngå, men dette er den einskilde vegeigar / tomteeigar sitt ansvar å ta hand om, jfr Veglova.

Strøing vert prioritert slik:

  1. Sjukeheimar,
  2. skular,
  3. parkeringsplassar til offentlege bygg, som helsesenter ol
  4. sentrumsnære areal
  5. Deretter bratte stigningar, inn mot kryss, svingar og tettfolka område.

Kvinnherad kommune har plassert ut kring 100 strøsandkassar ved offentlege bygg, i byggjefelt og bratte vegar. 

Fleire byggjefelt og vegar har svært bratt stigning, det er difor vanskeleg å sikre ønskjeleg framkomst på desse vegane.

Vi oppmodar sjølvsagt vegfarande til å nytte gode vinterdekk.

Utgangspunktet er at Kvinnherad kommune har vinterføre og nyttar sand eller salt ved behov. Av og til regnar og frys det samtidig og vi  slit med å følgje opp med vintervedlikehaldet .

 

Til sist nokre hjartesukk:
Eining for Veg og park, som har ansvar for vintervedlikehaldet, har eit avgrensa budsjett og halda seg til. Vi prøver å få midlane til å rekkja lengst mogeleg og vi har ein serdeles langstrakt kommune. Det er difor ikkje mogeleg å vere alle stader på ein gong.
Ber òg om at ein ikkje skjeller ut brøytemannskapet - dei gjer ein formidabel innsats!
 

Kantklypping

Kantklypping vert gjort i sommarhalvåret. Buskar, tre, hekkar, gras og liknande som veks langs vegar, avkøyrslar og vegkryss kan stengja for utsyn og vera til fare i trafikken. Kvar enkelt har ansvar for å syta for fri sikt ved avkøyrsler til veg og sykkelstiar frå eigedommane sine. Her finn du rettleiing for korleis dette skal gjerast.

Kommunen kan krevja at vegatasjon og anna som hindrar sikt ved private avkøyrslar, vert fjerna utan vederlag.
Les meir her: 
Kantslått og rydding
Veglova §§ 31 og 43

Driftsproblem

Feil og manglar kan meldast til Kvinnherad kommune sitt sentralbord på telefon eller e-post.
Tlf: 53 48 31 00
E-post: post@kvinnherad.kommune.no