Du søker elektronisk på stillingar i Kvinnherad kommune. Her finn du ei fullstendig oversikt over ledige stillingar og kjem inni vårt system for elektronisk jobbsøking.

Brukarkonto

Alle som ønsker å søka jobb i Kvinnherad kommune, må gjere dette elektronisk. Dette gjer du ved å opprette ein brukarkonto hos Visma Enterprise, og logge deg inn.

Dersom du har søkt jobb hos oss tidlegare, har du allereie ein brukarkonto. Dette gjeld òg om du er tilsett, eller har vore tilsett. Om du ikkje huskar innloggingsinformasjonen din, klikker du "Glemt brukernavn/passord" øverst til høgre i skjermbildet.

Slik går du fram

Eksisterande brukar
Er du allereie registrert i systemet, logger du inn med brukarnamn og passord. Om du ikkje huskar innloggingsinformasjonen din, klikker du "Glemt brukernavn/passord" øverst til høgre i skjermbildet.

Ny brukar
Nye søkarar veljer "Registrer søker" øverst til høgre inne i oversikta over ledige stillingar. Alternativt kan du velje stillingen du vil søke på, klikke "Søk på stilling" og deretter "Registrer søker".

Fyll inn alle felt og velg "Utfør".

Du vil få ein e-post frå Visma med ditt brukarnamn og passord. Når du logger inn første gong, vil du få beskjed om å opprette ditt eige, personlege passord. Velg eit trygt passord som du huskar til neste gong du skal logge deg på.

Det er ikkje muleg å legge ved attestar og vitnemål. Desse tar du med deg til intervju.

Difor er e-postadressa viktig

Du vil få bekreftelse på mottatt søknad pr. mail. Ver derfor påpasseleg med at du skriv e-post adressa rett. Dersom du ikkje har motteke bekreftelse innan kort tid, har vi ikkje mottatt søknaden din.

Rekrutteringssystemet kjenner igjen tilsette og tidlegare tilsette på e-postadressa. Er du allereie tilsett i Kvinnherad kommune, er det difor viktig at du bruker same adressa som ligg i lønssystemet vårt. Er du i tvil om kva for ei adresse som er tilknytt din brukar, ta kontakt med:
Yngvar Skarveland, tlf. 918 59 215
Evelyn Tveito, tlf. 906 99 163
Sissel Wang, tlf. 907 58 809

Treng du hjelp?

Har du spørsmål som gjeld utlyst stilling, ta kontakt med oppgitt kontaktperson i stillingsannonsa. Dersom du treng hjelp med Visma, ta kontakt med:
Yngvar Skarveland, tlf. 918 59 215
Evelyn Tveito, tlf. 906 99 163
Sissel Wang, tlf. 907 58 809