Dersom du har akutt eller midlertidig trong for hjelpemiddel, kan du låna/leige det frå kommunen sitt korttidslager. Har du varig (over 2 år) og vesentleg innskrenka funksjonsevne på grunn av sjukdom, skade eller lyte, kan du søkje om hjelpemiddel frå NAV.

Det fins eit stort utval av hjelpemiddel. I www.hjelpemiddeldatabasen.no finn du mange av dei. NAV dekker ikkje alle produkta i hjelpemiddeldatabasen; noko må du kanskje kjøpe sjølv eller få lånt på andre måtar. Kanskje er det ikkje eit hjelpemiddel du treng, men ein kombinasjon av fleire? Kanskje er det tilstrekkeleg å legge til rette omgjevnadene dine, eller kanskje andre tips eller råd kan løyse ditt behov?

Akutt og kortvarig trong for hjelpemiddel
Frå kommunen sitt korttidslager kan du låna rullator, toalettforhøyar, ganghjelpemiddel, sjukeseng, transportrullestol, arbeidsstol o.l. for kortare periodar. Du kan kontakta pleie- og omsorgstenesta eller ergo-fysioterapitenesta i den sona der du bur.

Langvarig trong for hjelpemiddel
Dersom du har langvarig trong for hjelpemiddel (meir enn 2 år), kan du få støtte til dette gjennom NAV hjelpemiddelsentral. Du kan få hjelp til å setja fram krav om hjelpemiddel frå tilsette i helse og omsorgstenesta i kommunen. Kommunen har ansvar for utgreiing av trongen for hjelpemiddel. Dei skal òg gje opplæring i bruk. Ved søknad treng du sakkunnig uttale frå t.d. PPT, ergoterapeut, fysioterapeut, sjukepleiar eller fastlege.

Reparasjon av hjelpemiddel
Er hjelpemiddelet ditt øydelagt kan du melda frå til pleie- og omsorgstenesta eller ergo- og fysioterapitenesta. Dei melder frå til servicemedarbeidar som avgjer om hjelpemiddelet kan reparerast lokalt eller om det må sendast inn til hjelpemiddelsentralen for reparasjon. Hjelpemiddelsentralen har akuttberedskap for reparasjon av hjelpemiddel som brukar er heilt avhengig av for å fungere.

Kontakt pleie- og omsorgstenesta i Rosendal eller ergo- og fysioterapitenesta i sona di på dagtid. Kontakt NAV Hjelpemiddelsentral sin akuttberedskap på tlf. 992 02 355 på ettermiddagar og i helgar.

Tilbakelevering av hjelpemiddel
Har du hjelpemiddel ståande som du ikkje treng lenger, kan du melda frå til pleie- og omsorgstenesta i Rosendal. Vi vil sørge for at nokon hentar.

Kontaktinfo
Rosendal: 53 47 59 20
Husnes:    53 46 17 00
Halsnøy:   53 46 14 44

Tryggleiksalarm

Bur du aleine og treng å tilkalle hjelp i akutte situasjonar, kan du søkje om tryggleiksalarm. Alarmen ber du på deg heile døgnet. Søknadsskjema og bistand til utfylling av skjema får du ved å venda deg til pleie og omsorgstenesta i den sona du bur.

Målgruppe

  • Eldre, funksjonshemma og andre som kan føle seg utrygge ved å bu åleine
  • Heimebuande som har behov forbistand/tryggleik pga. fysisk, psykisk eller sosial funksjonssvikt

Vilkår
Søkjar må vera busett i Kvinnherad kommune. Kommunen har utarbeidd retningsliner for tildeling av tryggleiksalarm.

Hjelpemiddel for røyrsle

Har du nedsett funksjonsevne som gjev deg vanskar med å klara daglege aktivitetar som forflytning, personlig stell, laga til mat, spise og drikke, husarbeid m.m., kan du søkje Nav om hjelpemiddel. Til dette kan du få hjelp frå t.d. ergoterapeut, fysioterapeut, sjukepleiar eller fastlege.

Kognitive hjelpemiddel

Dette er hjelpemiddel til personar som har vanskar med å hugse, planleggje og organisere eigen kvardag som følgje av demens, hjerneslag, medfødde kognitive vanskar m.m. Ergoterapeut kan hjelpe deg å søkje om slike hjelpemiddel.

Kommunikasjonshjelpemiddel

Desse hjelpemidla omfattar t.d. utstyr brukt til å sjå, høyre, lese, skrive, telefonere, signalere, alarmere og utstyr til informasjonsteknologi. Tilsette ved PPT eller ergoterapeut kan hjelpa deg med dette.

Høyrselshjelpemiddel

For å få høyrselshjelpemiddel treng du utgreiing hos spesialist. Fastlegen din kan ved behov henvise deg til spesialist. Du kan og kontakte høyrselskontakten i kommunen for råd og praktisk hjelp. Kontaktane har kontordag kvar tysdag på Rosendalstunet og Husnestunet. Heimebesøk vert tatt etter avtale.

Høyrselskontakten kan hjelpa med

  • opplæring i bruk av høyreapparat og høyrsel relaterte hjelpemiddel
  • reperasjon av høyreapparat, evt. innsending til fabrikk for reperasjon
  • støyping av øyreproppar
  • søknad om høyrsels relatert utstyr

Ta gjerne kontakt med oss!

Rosendal
Annbjørg Enæs , Rosendalstunet tlf. 916 67 075

Husnes / Halsnøy sona
Elsa Helland, Husnestunet tlf. 975 84 817 / 488 92 476

Ølve / Hatlestrand
Åshild Revne tlf. 976 89 879

Varaldsøy
Henny Skjellnes tlf 53 46 14 53 / 53 48 81 76 

Synshjelpemiddel

Du treng utgreiing frå augelege for å få synstekniske hjelpemiddel. Regional syns- og audiopedagogisk teneste i Hordaland kan kontaktast for utprøving og enkel opplæring i bruk av synshjelpemiddel. Tlf. 53 03 72 50.