Både tilsette og privatpersonar kan ta kontakt med miljøretta helsevern/kommuneoverlegen med spørsmål knytt til helse og miljø. Arbeidsoppgåver og tema miljøretta helsevern har ansvar for: 

  • Godkjenning og tilsyn ved barnehagar og skular
  • Tilsyn ved badebasseng
  • Tilsyn og rådgjeving i høve drikkevasskjelder
  • Rådgjeving i høve til avlaupsvatn og overvaking av resipientar
  • Tilsyn og godkjenning ved bruk av slam
  • Skadedyrkontroll
  • Kartlegging av klagehandsaming i høve til grunn- og luftureining
  • Kartlegging av og rådgjeving i høve radon
  • Kartlegging av og klagehandsaming i høve til støy
  • Tilsyn og klagehandsaming i høve til røykelova
  • Godkjenning av og tilsyn ved frisør- og hudpleiesalongar, samt tatoveringsverksemder og solstudio
  • Rådgjeving for å ivareta helsemessige omsyn i arealplanlegginga
  • Rettleiing i høve til ulykkesførebyggjing
  • Overvaking av vasskvalitet ved badeplassar, badevassprøver
  • Tilsyn ved campingplassar, leirplassar, asylmottak m.m.
  • Overvaking av potensielle smittekjelder som til dømes kjøletårn

Kontakt
Synneve Skei
Miljøkonsulent
Tlf. 90146818