I område utan offentleg leidningsnett, må det søkjast om separat utsleppsløyve. Kommunen er forureiningsmyndigheit og har ansvaret for utsleppsløyve for alle utslepp av sanitært avløpsvatn og oljehaldig avløpsvatn. Utslepp som ikkje har påslepp til offentlege avløpsnett vert sakshandsama av avdeling for byggesak og geodata.

Utsleppsløyva er heimla i kapittel 11 ,12 eller 13 i forureiningsforskrifta. Om du skal søkja løyve til utslepp frå private avløpsanlegg, kan du ta du ta kontakt med miljøretta helsevern

Før du går inn på entreprenørportalen må du fylle ut desse vedlegga:
Utsleppsløyve vedlegg A
Utsleppsløyve vedlegg C
Utsleppsløyve vedlegg D
Utsleppsløyve vedlegg F

Deretter kan du gå inn på søkjeportalen for å søkja om utsleppsløyve. Hugs å leggje ved vedlegga i søknaden.
For å kunna gjera dette må firmaet vera registrert hos oss. Registrering av firma gjer ein på denne sida 

På denne sida finn du lenkje til video for korleis ein registrerer føretak i entreprenørportalen

Du kan lesa meir om sanitært avløpsvatn på miljødirektoratet si nettside