Helsestasjonstenesta har ei sentral rolle i folkehelsearbeidet i kommunen, og arbeider både med psykisk helse, fysisk helse og sosiale forhold. Det helsefremjande og førebyggande arbeidet omfattar helseopplysning, vegleiing, helseundersøking og vaksinasjon.

Helsestasjonsteneste for barn 0 - 5 år

Helsestasjonstenesta har ei sentral rolle i folkehelsearbeidet i kommunen og arbeider både med psykiske/fysiske og sosiale forhold. Tilsette er legar, psykolog og helsesøstre. Arbeidet inneber m.a foreldrerettleiing, rådgjeving, heimebesøk, helseundersøking, vaksinering, kartlegging, støttande/motiverande samtalar, oppfølging og nettverksarbeid.

Helsestasjonen har fokus på rettleiing og støtte i spørsmål om barnet si vekst og utvikling. Me vurderer og gjev råd i høve tilknyting, kommunikasjon, samspel og trivsel. Familiar som opplever overgrep, vald, rus eller andre vanskelege heimeforhold kan ta kontakt med oss på helsestasjonen.

Me tilviser ved behov, og samarbeidar blant anna med fastlegar, barnehagar, psykiske helsetenester, PPT og barnevern. Me har teieplikt og samarbeidet skjer etter samtykke frå føresette. I følge Lov om pasient og brukarrettighetar, § 6-1 har barn rett til nødvendig helsehjelp i form av helsekontrollar i den kommunen barnet bur og oppheld seg. Foreldre pliktar å medverke til at barnet deltar i helsekontrollar.

Har barnet ditt feber, utslett eller oppkast/diarè?
Vi ber deg i tilfelle om å avlyse dagens avtale. Grunna smittefare ynskjer vi ikkje sjuke barn på helsestasjonen. Tenesta driv førebyggjande og helsefremjande arbeid. Dersom barnet er sjukt og treng behandling, skal ein nytte fastlegen sin. Helsestasjonen kan gje råd dersom føresette er usikre på barnet sin symptom og behov for legevurdering.

HELSESTASJONAR I KVINNHERAD

Halsnøy helsestasjon
Tlf. 53 46 15 20
Sæbøvikvegen 90
5454 Sæbøvik
Opningstider: 8.00 - 15.30

Husnes helsestasjon
Tlf. 53 46 16 20
Stølshaugvegen 5
5460 Husnes
Opningstider: 8.00 - 15.30 (Telefontid man. 8 - 8.30, tys - fre. 8 - 9 og alle dagar 13 - 14).

Rosendal helsestasjon
Tlf. 53 48 32 12 / 53 48 32 14
Rosendalsvegen 10
5470 Rosendal
Opningstider: 8.00 - 15.30

Hatlestrand helsestasjon
Tlf. 53 46 14 85
Tongavegen 20
5635 Hatlestrand
Opningstider: Torsdag: 8.30 - 14.15

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta er eit tilbod til skuleelevar opp til 20 år. Skulehelsetenesta har mellom anna som oppgåve å fremje eit godt lærings- og arbeidsmiljø for elevane, noko som har sterk samanheng med elevane sin helsetilstand. God helse er utgangspunktet for trivsel, vekst og læring, og motsett kan skulemiljøet påverke helsa, både psykisk og fysisk. Dette er eit viktig grunnlag for arbeidet.

Skulehelsetenesta arbeider målretta. Dette betyr at elevane vert kalla inn til helsesøster på grunnlag av tidlegare funn, eller etter ynskje frå eleven sjølv, føresette eller lærarar. Tenesta er eit lågterskeltilbod, og både elevar, føresette og tilsette i skulen kan ta kontakt utan avtale. Elevane kan få råd og rettleiing, og vi gjennomfører helseundersøkingar/helsesamtaler og vaksinasjonar på faste alderstrinn. Vi tilbyr også samtale og oppfølging av elevar. Ved ulike vanskar og utfordringar, og foreldrevegleiing til dei som ønskjer det. Vi gjer avtale for faste undersøkingar og oppfølgingssamtaler.

Helsesøster kan m.a. gje rettleiing i høve til vekst og utvikling, kosthald, hygiene/smittevern, seksualitet og samliv, psykisk helse, samspel foreldre-barn/ungdom m.m. Vi kan også tilby støttesamtaler/motiverande samtaler for dei som har behov for det. Etter kartlegging hjå helsesøster kan elevar bli vist vidare til andre hjelpeinstansar. Skulehelsetenesta samarbeider med fleire andre instansar, både i og utanfor skulen. Vi har teieplikt, og samarbeid skjer etter samtykke frå føresette eller eventuelt eleven sjølv.

Skulehelsetenesta tilbyr helseopplysning og undervisning til enkeltelevar og grupper/klassar, m.a. om tema som psykisk helse, pubertet, sex og samliv. Skulelege, psykolog, psykisk helsearbeidar for barn og unge mm kan delta i deler av undervisninga. I følgje Lov om pasient og brukarrettighetar, § 6-1 har barn rett til nødvendig helsehjelp i form av helsekontrollar i den kommunen barnet bur og oppheld seg. Foreldre pliktar å medverke til at barnet deltar i helsekontrollar.

Bringedalsbygda skule

Ann Kathrin A. Haugland

Tlf. 947 82 597

Torsdag

Halsnøy skule

Ingunn Sæverud Jensen

Tlf. 970 74 678

Måndag, torsdag

Hatlestrand oppvekstsenter

Ingunn O. Johnsen

Tlf. 476 23 565

Onsdag

Husnes ungdomskule

Gunn Heidi E. Steine

Tlf. 941 55 714

Onsdag

KVV

Gørill Samland Eik

Sturla Helland

Tlf. 476 13 819

Tlf. 970 24 320

Onsdag

Malmanger skule

Ingunn O. Johnsen

Tlf. 476 23 565

Måndag, fredag

Mauranger oppvekstsenter

Ingunn O. Johnsen

Tlf. 476 23 565

 

Omvikdalen skule

Ann Katrin A. Haugland

Tlf. 947 82 597

 

Rosendal ungdomskule

Ingunn Sæverud Jensen

Tlf. 970 74 678

Tysdag

Skarveland skule

Gunn Heidi E. Steine

Tlf. 941 55 714

 

Sunde skule

Ann Katrin A. Haugland

Tlf. 970 74 678

 

Undarheim skule

Gørill Samland Eik

Tlf. 476 13 819

Tysdag (oddetal)

Uskedalen skule

Ann Kathrin A. Haugland

Tlf. 970 74 678

 

Valen skule

Gunn Heidi E. Steine

Tlf. 941 55 714

Måndag

Øyatun ungdomskule

Elin Eskeland

Sturla Helland

Tlf. 476 19 208

Tlf. 970 24 320

Tysdag

Åkra oppvekstsenter

Elin Enæs

Tlf. 913 27 587

 

Helsestasjon for ungdom

På helsestasjon for ungdom kan ungdom mellom 13 og 20 år få råd og rettleiing om alt som opptar dei. Her kan ein og gje råd om å oppsøke andre hjelpeinstansar, som skulehelsetenesta, barnevern, fastlege eller spesialist.

Døme på emne du kan ta opp:

  • Spørsmål om kroppen
  • Hudproblem
  • Problem på skulen
  • Du kjenner deg trist og einsam
  • Parforhold
  • Seksualitet generelt
  • Homofili
  • Rus og rusmisbruk
  • Røyking
  • Graviditet
  • Menstruasjonen
  • Slanking og etevanskar
  • Psykiske vanskar
  • Vonde opplevingar, til dømes seksuelt misbruk, vald/sjukdom i familien

Helsestasjonen kan m.a. hjelpa deg med:

  • Reseptar og anna behandling for helseproblem
  • Tilvisingar til andre instansar i helsevesenet
  • Prevensjonsrettleiing og prevensjon
  • Testing med tanke på kjønnssjukdomar
  • Graviditetstest

Helsestasjonen er bemanna av helsesøster og lege. Tilbodet er gratis for ungdom opp til 20 år.
HUGS! Me har teieplikt.

Opningstid
Me har opent torsdagar får kl 14.00 til 16.00. Det er stengt i skuleferiar.
Stad: Same bygg som Husnes helsesenter og same inngong som helsesenteret.

Du treng ikkje tinge time for å nytte helsestasjon for ungdom.

Kurs - Tidleg innsats for sunn livsstil

Tilbod til familiar med barn i 1-3 klasse med overvekt og/eller livsstilsutfordringar. Det vert undervisning mellom anna i kosthald, grensesetting og fysisk aktivitet gjennom ti samlingar med oppstart hausten 2019. Sjå brosjyren vår for meir informasjon: Tidleg innsats for sunn livsstil.pdf