Stikkleidning

Vass- eller avløpsleidning for ein eller fleire eigedomar som er abonnenten sin eigedom, og som vert halde ved like av denne. Dersom ikkje anna er avtalt, er stikkleidningen rekna til og med tilkopling til kommunal vass- og avløpsleidning jmf "Standard abonnementsvilkår" Administrative bestemmelsar kapittel 1.3

Grensesnitt privat kommunal.jpg

Retningsliner for stikkleidning

  • Stikkleidningen skal vera utført og vedlikehalden iht. føresegnene i Standard abonnementsvilkår for vatn og avløp.
  • Stikkleidningar må ikkje overbyggast ved bygging av garasje e.l.
  • Det er viktig at kumlokk og utvendig stoppekran er tilgjengeleg for vedlikehald.
  • Ligg delar av stikkleidningen over naboeigedom, skal det iht. Standard abonnementsvilkår vera tinglyste erklæringar for dette.

Om lekkasje på privat stikkleiding

I nokre tilfelle kan det vera vanskeleg for eigedomseigar å vita om det er lekkasje på deira vassleidning. Ein kan likevel ofte høyra ein liten suselyd frå vassleidningane i huset sjølv om det ikkje foregår tapping. Skulle ein oppdaga slik suselyd, bør ein undersøkja nærare kva årsaka kan vera. Ein bør då kontakta røyrleggjar.

Lekkasjar på stikkleidning kan føra til skader på bygningar og andre installasjonar. Lekkasje fører også til stort vassforbruk, sløsing med vatn og dermed til unødige kostnader for den enkelte abonnent.

Varsel med pålegg om utbetring

Varsel om at det er oppdaga lekkasje på vassleidningen blir gitt som eit pålegg om utbetring med tidsfrist. Er ikkje lekkasjen utbetra innan fristen, kan Kvinnherad kommune gjera utbetringa på privat leidningseigar si rekning.

Det vil vera hensiktsmessig å ta kontakt med eige forsikringsselskap ved slik skade.