Kvinnherad kommune har innført nye retningsliner for utlån og utleige av kommunale bygg. Her finn du retningsliner og anna relevant informasjon som angår leige av kommunale bygg og lokale i Kvinnherad kommune. Førespurnad om leige av kommunale bygg sendast til: tove.helen.nundal@kvinnherad.kommune.no. For fast langtidsleige 2019/2020 er fristen sett til 30. april 2019.

Dette må vi få informasjon om:
* kva bygg og rom ønskjer du å leiga
* dato, klokkeslett for start og slutt på leigetida
* namn
* heimeadresse
* mobilnummer
* e-post adresse

Aktuelle dokument
Korttidsutleige
Satsar
Retningsliner
Opplæringsplan