Aktiv fritid er eit tilbod til personar over 18 år som av ulike grunnar treng hjelp for å oppleve ei meiningsfull fritid og samver med andre.

Tenesta vert organisert som individuell støtte-/treningskontakt, deltaking i aktivitetsgruppe eller individuelt tilbod i samarbeid med frivillig lag/organisasjon. Den som ynskjer Aktiv fritid må søkje til Kvinnherad kommune, der det vert fatta vedtak etter «Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester» § 3 - 1 og 3 - 2 pkt 6b. Vedtak vert gjort ut frå ei individuell vurdering, med utgangspunkt i den enkelte sine ynskjer og behov.

Skjema finn du her:
Søknad om Helse- og omsorgstenester.pdf

Meir informasjon om støttekontakttenesta kan du lese i Helsedirektoratet sin informasjonsbrosjyre.

Timelister for å oppdragstakarar i Aktiv Fritid finn du her: Timeliste Aktiv Fritid

Aktiv Fritid logo.png

Vil du bli støttekontakt?

Kvinnherad kommune har til ei kvar tid behov for støttekontaktar i alle aldrar og over heile kommunen. Dersom du kan tenkje deg å bidra til å skape ei meiningsfull fritid for andre kan du søkje om å bli støttekontakt.

Skjema finn du her:
Søknad om å bli støttekontakt.pdf

Kontakt

Ingvild Marie Hilde
Tlf. 953 01 132
Postadresse: Aktiv fritid - Postboks 254 - 5480 Husnes

Monica Svellingen Hammer (er for tida i ei anna stilling, vikar fram til 01.09.19 på telefon 909 90 861)
Tlf. 959 67 624