Eigarseksjonering er ein måte å organisera sameige av fast eigedom på. Ein eigarseksjon vil vera ei eiga juridisk eining, som kan omsetjast og knytast lån til uavhengig av resten av eigedomen eller brukseininga. Eigarseksjonering eignar seg mellom anna til oppdeling av bustadblokker og horisontal/vertikaldelte fleirmannsbustadar.

Målgruppe
Hus- og bygningseigarar
 

Kriterie/vilkår

  • Det må knytast einerett til bruk av brukseininga.
  • Du må lage ein sameigebrøk for kvar seksjon. Sameigebrøken skal spegla verdien av sekjsonen i høve til dei andre seksjonane i sameiga.
  • Brukseininga sin hovuddel må vere klart avgrensa og samanhengande del av eit bygg på eigedomen.
  • Om det er fleire brukseiningar på eigedomen, må alle vere del av sekjsoneringa.  
  • Du kan berre søkje for ein grunneigedom
  • Den seksjonerte bustaden må vere ein lovleg bustad etter reglane i plan- og bygningslova.
  • Det må vere høve å oppretta parkeringsplass i sameige.
  • Du må oppgje om eininga skal nyttast til bustad eller næring.
  • For eksisterande bygninga må pålagde bygningsmessige tiltak vere gjennomført før seksjonering eller reseksjonering kan skje.
Gebyr
Gebyr finn du her.
 

 Lover og forskrifter

Skjema/lenkjer

Sakshandsaming
Kommunen skal innhenta dei opplysningane som er naudsynt for å avgjere saka før det vert gjort eit vedtak. Vedtaket skal grunngjevast og handsamingsfristen er 12 veker,- etter det vert gebyr redusert.