Kulturskule |
| Oppdatert: 28.12.2010 12:44 |
| Generelt |
| Tema - Kultur og fritid |
| Beskrivelse Kulturskulen er eit musikk- og kulturfagleg tilbod. Tilbodet er organisert i tilknyting til skuleverket og kulturlivet elles. |
| Målgruppe Elevar i grunnskulen og vidaregåande skule Born i barnehage, elevar i grunnskule og vidaregåande skule, born og vaksne med spesielle behov og det lokale musikklivet i kommunen. |
| Kriterier/vilkår Når du søkjer om opptak, har du rett til å få eit skriftleg vedtak frå kommunen. Sjølv om du ikkje har rett til å motta eit tilbod, må kommunen si avgjerd om tildeling av plass vere sakleg grunngjeven. Søknadar om opptak i kommunale musikk- og kulturskular skal handsamast etter allmenne forvaltningsrettslege reglar, som mellom anna vernar mot usaklege forskjellshandsaming. |
| Pris for tjenesten |
| Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende I tillegg til opplysningar og elektronisk søknadsskjema på kulturskulen si heimeside, blir det kvart år lagt ut ein enkel brosjyre m/ søknadsskjema på Rådhuset, på Kvinnherad bibliotek på Husnes og på Bokbussen. Kulturskulen si heimeside Norsk kulturskoleråd |
| Serviceerklæring |
| Praktiske opplysninger |
|---|
| Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten For plass må du søkja direkte til kulturskulen. Når du søkjer elektronisk, får du ei stadfesting i form av eit ID-nr på at søknaden er registrert og motteken. For å halda på plassen, må "gamle" elevar søkja kvart år. Rektor er ansvarleg for opptaket. Søknad om kjøp av dirigenttenester i det lokale musikklivet skjer på eige papirskjema. |
| Skjema Elektroniske søknadsskjema for å søkja plass og papirskjema for søk om dirigenttenester finn du her: Elektronisk søknadsskjema kulturskulen Søknadsskjema om dirigenttenester |
| Vedlegg Vi oppmodar om å søkja elektronisk via kulturskulen si heimeside. Dei som ikkje har tilgang til Internett kan finna papirskjema på Rådhuset, på biblioteket på Husnes eller på Bokbussen. |
| Søknadsfrist Dirigenttenester: 1. januar! Elevplass: 1. april! |
| Søknaden sendes til Papirsøknad skal sendast til Kvinnherad kulturskule 5470 Rosendal |
| Andre opplysninger |
| Dato oppdatert 2010-12-28 12:44 |
| Gyldig fra 2009-01-01 |
| Gyldig til 2012-12-31 |







