Kontaktperson
Regelverk
Sjå spesielt i plan- og bygningslova § 20-1 (Tiltak som krev søknad og løyve), kap. 21 (Krav til innhald og behandling av søknader) og kap. 29 (Krav til tiltaket). Sjå òg byggjesaksforskrifta § 2-1.
Lover
Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven)Lov om planlegging og byggesaksbehandling (plan- og bygningsloven)
Forskrifter
Forskrift om byggesakBruksendring | ||
| Oppdatert: 28.12.2012 09:28 | ||
| Generelt | ||
| Tema - Bygg, eigedom og plan - Bygging | ||
| Beskrivelse Dersom du ønskjer å få gjennomført eit tiltak som medfører bruksendring av bustaden/bygningen din, må du søkje kommunen om løyve. Det betyr at tiltaket ikkje kan setjast i gang før du har fått løyvet frå kommunen. Ei bruksendring kan til dømes vere å etablere eit eige husvære i underetasjen i bustaden der det før har vore soverom, hobbyrom eller liknande. Ei rein endring i bruk utan bygningsmessige endringar kan òg vere søknadspliktig. Eit døme kan vere eit uthus som blit teke i bruk som anneks. Søknaden må utformast av eit firma som har kompetanse til å gjennomføre ein søknadsprosess (ansvarleg søkjar)). Det kan til dømes vere ein byggmeister, entreprenør eller arkitekt. Bruksendring frå tilleggsdel til hovuddel innanfor den same brukseininga (til dømes å gjere om ei kjellarbu til kjellarstove) kan du søkje løyve om sjølv utan å engasjere eit firma. (Sjå Mindre byggjetiltak på eigedom som det er bygt på). I særlege tilfelle kan kommunen etter søknad gje deg personleg ansvarsrett. Det betyr at du gjennomfører tiltaket sjølv (er sjølvbyggjar). For å vere sjølvbyggjar må du godtgjere at du er i stand til å utføre det arbeidet du har søkt om å få gjere sjølv (sjå Sjølvbyggjar). | ||
| Målgruppe Hus- og bygningseigarar | ||
| Kriterier/vilkår For å kunne setje i gang tiltaket må søknaden, og eventuelt søknad om dispensasjon frå gjeldande reglar og planar, vere godkjend av kommunen. Desse vilkåra må vere oppfylde:
| ||
| Pris for tjenesten | ||
| Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende Direktoratet for byggkvalitet | ||
| Serviceerklæring | ||
| Praktiske opplysninger | ||
|---|---|---|
| Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten Dersom du ikkje kan søkje sjøl (sjå omtalefeltet), må du ta kontakt med eit firma som kan stå ansvarleg for heile søknadsprosessen. Firmaet vil bli ståande som ansvarleg søkjar og sender søknaden på dine vegner. Det vil fungere som bindeledd mellom deg som tiltakshavar (byggherre), kommunen og andre ansvarlege som skal hjelpe med å gjennomføre tiltaket. | ||
| Skjema Nabovarsel Søknad om tillatelse til tiltak | ||
| Saksbehandling Dersom søknaden er fullstendig og tiltaket ikkje er i strid med føresegnene etteri plan- og bygningslova med forskrifter, skal kommunen gje løyve innan ein fastsett frist (sjå under). Søkjaren og dei som eventuelt har kome med merknader, får eit skriftleg vedtak. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein meiner at du blir misnøgd med vedtaket. | ||
| Saksbehandlingstid Ein søknad om løyve som ikkje medfører dispensasjon frå vilkåra, skal avgjerast av kommunen innan tolv veker. Byggjesaksgebyret skal reduserast med 25 % for kvar påbegynte veke tidsfristen overskridast. Dersom det i tillegg ikkje har kome merknader frå naboar/gjenbuarar og fråsegner frå ein annan myndigheit ikkje er nødvendig, skal kommunen avgjere saka innan tre veker. Dersom kommunen ikkje har avgjort søknaden innan fristen går ut, reknast løyvet for gjeve forutsett at det du søkjer om, ikkje er i strid med gjeldande reglar og planar. Kommunen kan forlengje desse fristane dersom saka er særleg komplisert, krev ekstra politisk avklaring eller løyve/samtykke frå andre myndigheiter. Dersom fristen blir forlenga, skal søkjaren få melding om dette så fort det blir klart at fristen ikkje vil bli halde. | ||
| Klagemulighet Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå vedtaket er motteke. Du vel sjølv om du vil at ansvarleg søkjar (eller til dømes ein advokat) skal fremje klaga for deg. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Lar kommunen avgjerda bli ståande, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klaga skal takast til følgje. | ||
| Kontaktinformasjon | ||
Ansvarlig enhet
| ||
| Andre opplysninger | ||
| Dato oppdatert 2012-12-28 09:28 | ||
| Gyldig fra 2009-04-04 | ||
| Gyldig til 2013-12-31 |






Epost

