Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Barna sitt arbeidsmiljø; Skular

Oppdatert: 12.12.2013 14:18
Generelt
Tema
- Helse
- Miljøretta helsevern
Beskrivelse

 

 

 

Alle barnehagar skal vere godkjente etter bestemmelsene i "Forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler m.v.".
 
Formålet med forskrifta er å bidra til at miljøet i barnehagar og skular fremjar helse, trivsel og gode sosiale og miljømessige forhold, samt førebygge sjukdom og skade.
 
Godkjennings- og tilsynsmyndigheit er delegert til kommuneoverlegen. Godkjenning blir gitt på bakgrunn av dei opplysningar og planer som låg føre på tidspunktet for godkjenninga. Godkjenning er ikkje i seg sjølv eit kvalitetsstempel på barnehagen, den kan bli trekt tilbake dersom forskrifta sine krav ikkje blir overhaldne.

For barnehagar finst det mange ulike driftsformer. Forskrifta blir nytta ved planlegging, tilrettelegging og drift av:

 

 
1. barnehager og andre virksomheter som mot godtgjøring gir tilsyn med og  
   omsorg for barn under skolepliktig alder når:

a) virksomheten er regelmessig, og

b) tilbyr en ukentlig oppholdstid på mer enn ti timer, og c) antall barn som er tilstede samtidig, er tre eller flere.

2. grunnskoler 3. videregående skoler.

 

 

 

 
Forskrifta gjeld difor for alle barnehagar, skular, barneparkar, familiebarnehagar og dagmammaverksemder dersom punkta a-c er oppfyllt.
 
Kriteriet om 3 barn er uavhengig av om barna er eigne eller ikkje, så lenge det for nokon av barna utgjer ei verksemd som blir drive mot godtgjering.
Målgruppe
  • Eigarar av verksemda
  • Leiarar av verksemda
  • Elevar og barn i aktuelle verksemda
  • Politikarar
  • Utbyggarar
Kriterier/vilkår

 

 

 

Gjere seg kjent med krav i forskrifta. Forskrifta stiller ein rekke krav til barnehagen, både når det gjeld trivsels-, helse-, hygiene- og tryggleiksmessige forhold.

Søknad om godkjenning
Søknad om godkjenning må i følgje forskrifta liggje føre når det er plan for etablering og utviding/endring av verksemd. I søknaden skal barnehagen dokumentere korleis verksemda sin eigar vil sikra at verksemda blir planlagt, etablert, drive og vidareutvikla i samsvar med krav i forskrifta. Dette betyr i praksis ei utgreiing i forhold til alle bestemmelsene i forskrifta. Det må gå fram av søknaden kor mange barn og tilsette verksemda er planlagd for.

For søknadsskjema: sjå "Skjema". Internkontroll

Forskrifta stiller krav om internkontroll og etablering av internkontrollsystem. Forskrifta pålegg den ansvarlege for barnehagen ei plikt til å sjå til, og dokumentere skriftleg at regelverket blir følgd.

Utarbeiding av prosedyrar eller skriftlege rutinar, er spesielt viktig på områder der svikt i rutinane vil kunne ha negativ innverknad på barna si helse, trivsel eller tryggleik, eller der det på anna måte kan medføre brot på forskrifta sine bestemmelser. Det er i tillegg viktig å kunne dokumentera kva og når ulike tiltak eller prosedyrar er gjennomført.

Ved avvik, dvs. svikt i rutiner eller ved brot på forskrifta sine kravr, skal dette bli handtert etter utarbeida avviksprosedyre. Føremålet med avviksprosedyren er å sikre at feil blir retta, at problem blir løyst, og hindre gjentaking.

For mer informasjon om internkontroll: Sjå "Internkontroll".

 

 

- Motta og handsame søknader om godkjenning.
- Handsame klager vedkommande forhold som blir omfatta av forskrifta.
- Føre tilsyn, eventuelt i form av systemrevisjon.
- Gje råd og rettleiing til eigar, driftsansvarleg og brukar.

 

Miljørettet helsevern/kommuneoverlegen si oppgåve:

Pris for tjenesten
Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

 

 

 

Helsedirektoratet

 

 

 

 

 

 

 

 
Folkehelseinstituttet

 


Serviceerklæring
Praktiske opplysninger
Skjema
Søknad om godkjenning av skule
Søknaden sendes til

Kvinnherad kommune
v/ Kommuneoverlegen
Rosendalsvegen 10
5470 Rosendal

Kontaktinformasjon
Ansvarlig enhet
Avdeling:Helse og rehabilitering
Telefon:53483354
Epost:liv.saetre.eik@kvinnherad.kommune.no
Postadresse:Rosendalsvegen 10 5470 ROSENDAL
Besøksadresse:Rådhuset 5470 ROSENDAL
Andre opplysninger
Dato oppdatert
2013-12-12 14:18
Gyldig fra
2009-10-28
Gyldig til
2014-12-31
Kvinnherad kommune, Rådhuset | Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal | Man - fre 08.00 - 15.30 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no