GÅ TIL POSTLISTA

Innsynsretten i kommunen sine dokument er heimla i offentleglova med forskrift og personopplysingslova.

Offentleg tilgjengelege dokument søkjer du sjølv opp og les på postlista. Dokumenta blir publisert på internett når dei er registrert/journalført. Inngåande post vil kome på postlista 3 dagar etter mottak.

På postlistene kjem post som:

  • er saksrelevant og som krev svar frå kommunen
  • har allmenn interesse
  • har verdi som dokumentasjon

Dokument med personnummer, kontonummer o.l. (tilgongskode IP) blir ikkje publisert, men er tilgjengeleg på førespurnad.

Dokument som er unnateke offentligheit
Dokument som etter lova er underlagt teieplikt, er unnateke offentlegheit. Her kan du lese meir om innsynsrett i offentlege dokument.

Dokument som ikkje ligg på postlistene
Eldre dokument
Postlister for generelle og politiske saker er tilgjengeleg for dei siste 4 åra. 
Personsaker
Dokument knytt til arkivdel for personale, elevar og klientar blir ikkje publisert.

Eventuelle krav om innsyn kan rettast til post@kvinnherad.kommune.no .

Pasient- og klientsaker vert handsama i lukka fagsystem og blir haldne utanom internett. Partinnsyn er heimla i forvaltningslova § 18. Krav om innsyn må rettast til aktuell tenestestad.

Du treng Adobe Acrobat Reader for å lese dokumenta. Last ned her.

Les meir om innsynsrett her.