Vi oppmodar med dette laga og organisasjonar til å koma med kandidatar.

Råda har ca 10 møte i året, ca to timar pr gong.
Det er kommunestyresaker som er førande for sakene til råda.

Råda har 5 medlemmer pluss varamedlemmer som er valde av kommunestyret for den kommunale valperioden på 4 år.
Det er råda sjølve som vel leiar og nestleiar.
Kvart kjønn skal vera representert med minst 40%.
Medlemmene i råda skal ha godtgjering etter dei ordningar som gjeld til ei kvar tid, vedteke av kommunestyret,

Det er fint om laget/organisasjonen kan gje ei kort grunngjeving av kandidaten som blir meldt inn.

Ny kommunelov krev at føreslegne kandidatar skal gje skriftleg samtykke til å stilla til val. (Det kan gjerast via e-post eller vedlagde skriv). Det er dei som føreslår som må henta inn dette.
Skriv tydeleg kva utval de føreslår at dei stiller til val på.

Forslag og samtykke til kandidatar kan sendast til:
Kvinnherad kommune
Rosendalsvegen 10
5470 Rosendal

Eller e-post til post@kvinnherad.kommune.no 2

Kontakt
Kari Synnøve Tveit – politisk sekretær
Tlf 91 37 99 33
e-post: kari.synnove.tveit@kvinnherad kommune.no

Frist er sett til 30. august 2023

Reglement Eldrerådet og Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne
Samtykke