Stortinget vedtok 14.juni 2022 at tre fylker skal bli til sju og at ein kommune skal splittast. Med bakgrunn i tildeling av nye fylkes- og kommunenummer har Kartverket estimert tal endringar i matrikkel og grunnbok til å liggje på rundt 50 millionar endringar. 

For å redusere risiko og sikre kvaliteten på gjennomføringa av alle dataendringane vert matrikkelen og grunnboka stengt for brukarar mot nyttårsskiftet 2023/2024.

  • Matrikkelen stenger fredag 15. desember kl. 18:00
  • Grunnboka stenger fredag 29.desember kl. 20:00

Særskilt om føring av konsesjonsopplysingar: 
Alle eigenfråsegner om konsesjonsfritak og alle konsesjonsvedtak som er fatta må vere registrert i matrikkelen innan fredag 15. desember kl. 18:00.
Dersom innbyggjarar/eigedomsmeklarar sender inn eigenfråsegn om konsesjonsfritak i tidsrommet 15.12.2023-01.01.2024 lyt dei ta kontakt med kommunen for å avklare innsendinga til Kartverket. 
Ta kontakt med kommunen ved oppmålingskontoret eller landbrukskontoret dersom de planlegg å tinglyse skøyte/heimelsovergang i tidsrommet 15.12.2023-01.01.2024.