Plan-, teknikk- og miljøutvalet i Kvinnherad vedtok 24.10.2023 å sende planprogram for Fv. 49 Nordrepollen – Austrepollen på høyring. 
I medhald av plan- og bygningslova (pbl) § 12-9, vert planprogram datert 22.09.2023, difor sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn. 
Dette i samband med detaljregulering for Fv 49 Nordrepollen - Austrepollen, PlanID 20230001.
Planprogrammet og vedtaket finn ein i planregisteret til kommunen her

Det vart 21.02.2023 meldt oppstart av planarbeidet for PlanID 20230001. Plangrensa er justert noko no i samband med planprogrammet.

Forslagsstillar og plankonsulent
Forslagsstillar er Vestland fylkeskommune, som har knytt til seg Rambøll i arbeidet med planprogrammet.

Føremålet med planen
Planarbeidet gjeld ny vegtrasé for fv. 49 mellom Nordrepollen og Austrepollen. Planprogrammet, som byggjer på forprosjekt utarbeidd av Norconsult, føreslår å gjennomføre konsekvensutgreiing for fleire aktuelle alternativ for å auka kunnskapen om desse. Etter at utgreiingsarbeidet er sluttført, utarbeidast planforslag for alternativet som etter ei samla vurdering vert plukka ut.

Norconsult har vurdert 3 ulike tunellpåhogg ved Nordrepollen og sju ulike tunellpåhogg ved Austrepollen, sjå kart under. Det beste påhogget i Nordrepollen er vurdert til å vere påhogg B, medan i Austrepollen er aktuelle påhogg J, E og F. Norconsult tilrår nærare grunnundersøkingar som kan gje betre grunnlag for endeleg val av trase. 

Samstundes med dette arbeidet så er det gjennomført eit arbeid med konseptvalutgreiing (KVU) for E134 arm til Bergen. Arbeidet er no avslutta og rapporten med Statens vegvesen si tilråding er sendt til Samferdselsdepartementet. Rapporten skal gjennom ekstern kvalitetssikring (KS1) og ut på høyring, før avgjersle om konsept. Statens vegvesen har så langt vurdert konsept 1, der  strekninga fv 49 Nordrepollen – Austrepollen er ein del av dette alternativet. 

Kartet under viser alternativa som Norconsult utgreidde i forprosjekt i 2018:
 

Kartutsnitt Nordrepollen – Austrepollen


Planområdet
Planområdet ligg mellom Nordrepollen og Austrepollen, nord i Kvinnherad kommune. 

Planområdet er i samband med planprogram, utvida med om lag 1000 daa mot aust i Austrepollen. Dette då det etter varsel om oppstart i februar, er avklart at også alternativ J skal greiast ut. 

Forslag til planområde dekkjer no eit samla areal på 6933 daa, sjå kartutsnitt under og svart strek: 


Konsekvensutgreiing/ planprogram
Forskrift om konsekvensutgreiing set krav om å gjennomføre ei konsekvensutgreiing for reguleringsplanar som gjeld vegtiltak med ein investeringskostnad på over 750 mill. kr. Det vert vurdert at dette tiltaket kan komme opp i denne kostnadsramma, og at det dermed utløyser krav om konsekvensutgreiing. 

Tiltaket vert også vurdert til å kunne få vesentlege verknader for miljø eller samfunn, og skal vurderast etter § 8, §10 og vedlegg II i forskrifta. Kapittel 11 i planprogrammet skildrar kva for utgreiingar som vert vurdert naudsynte for å gje eit godt avgjerdsgrunnlag. 
Naudsynte tema er; landskapsbilete, naturmangfald, kulturarv, naturressursar, Friluftsliv, by- og bygdeliv.

Arbeidet vil skje i eit område som er utsett for skred. Forskrifta set krav om konsekvensutgreiing knytt til «risiko for alvorlege ulykker som ein følgje av naturfare. 

Planstatus i dag
Kommuneplanen sin arealdel
I gjeldande kommuneplan sin arealdel er store delar av planområdet satt av til LNFR-formål. Ved områda innerst i Nordrepollen og Austrepollen, er områda i hovudsak satt av til næringsbygningar, LNFR areal for spreidde bustader-fritidsbygningar eller næringsbygningar m.m., samt til bruk og vern av sjø og vassdrag, med tilhøyrande strandsone. I Austrepollen er det òg eit område satt av til andre typar bygningar og anlegg, for naust. 

Langs fjorden og eit stykke opp forbi eksisterande fv. 49, gjeld omsynssone for bevaring naturmiljø. Det er òg markert faresone for høgspent i område, og flaumsone i dei utbygde områda både i Nordrepollen og Austrepollen. 

Langs eksisterande fv. 49 gjeld omsynssone om at reguleringsplan framleis skal gjelde. Ei slik sone gjeld òg for eit område i Nordrepollen. 

Reguleringsplanar
Det er 3 gjeldande reguleringsplanar innafor planområdet:

  • Reguleringsplan - Fv 49 - Ænes-Austrepollen, PlanID 19950002 
  • Reguleringsplan - FV 49 - Austrepollen – tunnelpåslag, PlanID 19950003
  • Reguleringsplan - Jondalstunnelen-Austrepollen-Nordrepollen – Kvinnherad, PlanID 20050001 

Informasjon og medverknad
Frist for å kome med merknad til planprogrammet er sett til 18.12.2023.

Merknadar til planprogrammet skal sendast som e-post til post@kvinnnherad.kommune.no, eller som brev til; 
Kvinnherad kommune 
Rosendalsvegen 10
5470 Rosendal

Ta kontakt ved spørsmål; anne.lise.naes@kvinnherad.kommune.no