Valstyret i Kvinnherad kommune har vedteke at det skal vera mottak av førehandsstemmer i perioden 10.08.2023 – 09.09.2023. Manntalsførte kan førehandsrøysta i alle kommunar i Norge. Røystegjevinga vil bli sendt til den kommunen du er manntalsført i for oppteljing. 

Hugs å ta med legitimasjon når du røyster. Det er ynskeleg at du tar med valkort, men dette er ikkje noko krav. Eksempel på legitimasjon er pass, førarkort og bankkort med bilete. 

Du kan førehandsrøysta på følgjande stader:  

Rådhuset i Rosendal 
Kvardagar frå og med torsdag 10.08 til og med 08.09.23 
Opningstider kl.09.00-15.00.   

Kvinnherad bibliotek  
Vekedagar frå og med torsdag 10.08 til og med 08.09.23 
Opningstider kl.09.00-16.00 
Laurdagar kl.10.00-14.00   

Hatlestrand barne- og ungdomsskule  
Tysdag og fredag, kvar veke frå 11.08
Opningstider kl.10.00-14.00   

Øyatun skule  
Tysdag og torsdag, kvar veke frå 10.08
Opningstid kl.10.00 – 14.00  

Torsdag 24. og 31. august frå kl.15.00 – 18.00 på desse stadane:  

  • Senteret på Sæbøvik  
  • Senteret i Rosendal   
  • Spar Hatlestrand   
  • Spar Uskedalen   

Veke 34 frå 21. til 25. august
Bokbussen kjem som «valbuss» til:  

  • Borgundøy -21.8 – frå kl.15.00 – 17.00 
  • Åkra – 22.8 – frå kl.17.00 – 19.00 
  • Austrepollen – 24.8 – frå kl.17.00-19.00 
  • Varaldsøy – 25.8 - frå kl.12.30-14.30 

Veke 35 – 29. august
Institusjonar:  

  • Ølve alderspensjonat – kl.15.00.-17.00  
  • Rosendalstunet – kl.15.00-17.00  
  • Husnestunet – kl.10.00-12.00  
  • Halsnøytunet – kl.15.00-18.00  
  • Valen sjukehus – kl.13.00-15.00  

Ambulerande stemmemottak i heimen - veke 36 

Manntalsførte, som ikkje kan stemma på grunn av sjukdom eller uførleik, kan etter søknad førehandsrøysta der dei oppheld seg. Søknaden må vera motteken av valadministrasjonen i Kvinnherad kommune innan torsdag 7.september kl.15.00