Løyve i år

Det er i år gitt totalt 1745 fellingsløyver på hjort og 123 på rådyr. 

Hugs vilkåra for løyva:

  1. Vektrapport på hjort, for fastsetting av rett fellingsavgift, vert sendt inn saman med fellingsrapportane seinast 14 dagar etter jakta er slutt.

  2. Det skal førast sett hjort fortløpande etter kvar jaktdag. Dette gjer du direkte på nettsida: www.hjorteviltregisteret.no eller på appen Sett og skutt.

 

Slutt på innsamling av hjortekjevar i Kvinnherad

Jegrane i Kvinnherad har samla inn hjortekjevar sidan 1991 og med det  bidrege til mykje kunnskap om hjorten og utviklinga i vårt område.

Det no bestemt å ikkje vidareføra innsamlinga av kjevar, så for komande jaktsesong vert det ingen innsamling av kjevar av hjort.

Viltforvaltinga i kommunen og Miljødirektoratet/NINA er svært takksame for bidraget og arbeidet de har lagt ned!

 

Fri avskyting av hjortekalv

Det er også i år fri avskyting av kalv, men hugs å registrere all kalv som vert felt i hjorteviltregisteret.

 

Felles jaktavtalar for hjort § 19

Det er ynskjeleg at det vert tilrettelagt for ei effektiv jaktutøving i forhold til dyra sine bevegelsar iløpet av jaktperioden.

Dette betyr i praksis at valda kan inngå samarbeid over valdgrensene for å oppnå ein høgare fellingsprosent.  Eksempel på dette er at to nabovald kan inngå ein fellesavtale i siste halvdel jakta, dersom det er lite dyr å sjå i det eine valdet, men mykje dyr i nabovaldet. Slik at ein totalt sett får ein høgare fellingsprosent i dei to valda.

Det er vilkår om at slike avtalar skal vera skriftlege. Avtalen må vera underteikna av valdansvarleg reprensentant, eller annan lovleg vald reprensentant, og med fullmakt frå alle jaktsrettshavarar i valdet.

 

Viltfondet

Hugs søknadsfristen for viltfondet, som er 1. oktober!

Alle kommunar som har opna for jakt på hjort skal etablera eit kommunalt viltfond. Inntektene til det kommunale viltfondet er den offentlege fellingsavgifta for hjort og fondet si årlege avkasting.

Viltfonsmidlar kan nyttast til:

  • Tilskot til tiltak for å fremja viltforvaltning, styrke kunnskapen om viltet, jaktorganisering med meir i kommunen og nabokommunar. Dette skal skje gjennom samarbeid i regi av organisasjonar, enkeltpersonar eller kommunen
  • Å dekkje kommunen sine utgifter til ettersøk og handtering av skadd vilt og fallvilt i kommunen
  • Tiltak for å førebyggje skadar på landbruksnæring voldt av hjortevilt.

Les meir her