NB! Huset på Bjørke, tidligare 2kryss, har i mai 2019 flytta inn i lokala til "gamle" barnehagen i Kyrkjevegen i Rosendal. "Huset på Bjørket" namnet var knytt til den gamle lokaliteten så med ny lokalitet kjem nytt namn og forslaget som er mest aktuelt er "Vongsstovo aktivitetshus". Slik fører vi også tradisjonen i bygget vidare ettersom Vongsstovo også var namnet på avdelinga i barnehagen då den var i drift. Tilbodet er elles mykje det same. Velkomen til oss!

Bygget ligg plassert sentralt i Rosendal sentrum ved sida av Rosendal Tannklinikk. Mange kjenner det att som den "gamle barnehagen" i Rosendal. Her har vi fokus på sosialt samvere, fysisk aktivitet, hobbyaktivitetar og anna som den enkelte ynskjer å drive med.

Huset er ope tysdag til fredag kl 0900-1430.

Kontakt
Tlf. 468 09 158
Kyrkjevegen 17
5470 Rosendal

Tilsette
Anne Gro Opheim, Lina Storegjerde og Olaug Eikeland.

 

Bilda som ligg under er anten frå bygningen vår, nærområdet eller frå aktivitetar vi driv med.

Parkering 2 kryss.jpg

Stor god parkeringsplass rett på utsida.

 

Uteområde 2 2kryss.jpg

Stort og godt uteområde som vi skal utvikle i tida frametter. Har du gode idear? 

 

Stove med sofa 2 kryss.jpg

Store gode sitteområde og god golvplass.

 

Sittegruppe 2 kryss.jpg

Ei av dei fleire sitjegrupper. I tillegg har vi fleire mindre hobbyrom til ulik aktivitet.

 

Treningsrom 2 kryss.jpg

Frå treningsrommet vårt. Her har vi masse spiningssyklar og matter til øvingar med kroppsvekt. Frisklivskoordinator Martha Varanes instruerar.

I tillegg har vi styrketrening på Rosendal Trim.

 

Huset på Bjørke - Nærområde (2).JPG

Frå nærområdet, utsikt mot dei flotte fjellområda.

 

Huset på Bjørke - Nærområde (4).JPG

Kjeldestøl, eit mykje nytta turområde i nærleiken.

 

Huset på Bjørke - Baking (2).JPG

Innimellom har vi kurs der vi lagar ulike mat og bakverk.

 

Huset på Bjørke - Baking (3).JPG

Alltid godt med heimelaga bollar. 

 

Huset på Bjørke - Hobbyaktivitet (2).JPG

Frå eit av fleire kurs med ulikt handtverk.

 

Huset på Bjørke - Tur (2).JPG

Friluftstur med grilling av sjølvfiska fisk.

 

Huset på Bjørke - Tur (3).JPG

Sommartur med fiske.

 

Huset på Bjørke - Tur.JPG

Mykje god fisk frå ein flott tur.

 

Huset på Bjørke - Tur (8).JPG

Kaffien smakar ekstra godt på tur.