Plan, teknikk og miljøutvalet i Kvinnherad vedtok den 23.01.2024, sak nr. 2024/5, at Detaljregulering for del av 131/4 og 12313 – turistanlegg – Uskedalen – planID 20220004, vert sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova §12-10. Planområdet utgjer ca 43 DAA areal.

Planen skal leggja til rette for utvikling og vidare drift av Rabben feriesenter med tilgrensande areal. Planen omfattar òg deler av Øyro Marina og Camping sitt areal, og tek opp korleis dei to verksemda kan virke saman. Planen utløyser ikkje krav om konsekvensutgreiing. Viktige problemstillingar i planarbeidet har vore flaumsone, strandsone, landskapstilpassing, friluftsliv og tilgang for allmenta.

Plandokumenta er tilgjengeleg i planregisteret.

Saksnummer: 2022/1134. 

Frist for merknader er satt til 13.03.2024. Merknader sendast til post@kvinnherad.kommune.no eller som brev til Kvinnherad kommune, Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal. 

For meir informasjon sjå planregisteret og kommunen si kartløysing.