Plan, teknikk og miljøutvalet vedtok den 24.10.2023 i sak 2023/26 å legge Detaljregulering for Børnes næringsområde – 134/24 med fleire – PlanID 20190006 ut på høyring og offentleg ettersyn, jfr. plan og bygningslova §12-10.  Råka parter og instansar varslast direkte.

Planområdet på Børnes utgjer 150 DAA landareal og ein del areal i sjø. Planavgrensinga tar med heile Børnes- halvøya, og eit mindre areal på andre sida av fylkesvegen (Uskedalsvegen). 

Bakgrunn for høyringa er at statsforvaltaren under handsaming av to naboklager oppheva kommunestyrets planvedtak frå 27.10.2022 (sak 2022/92).  I opphevingsvedtaket frå 12.07.2023 heiter det at planen skulle ha vore på avgrensa høyring til rørte mynde før den vart vedteke, jamvel om endringane som vart gjort etter siste høyring reknast som mindre endringar.  Då bakgrunnen for opphevingsvedtaket var private klagar som blei gitt medhald, finner kommunen det mest tenleg å sende saken til fullt offentleg ettersyn. På grunnlag av mellom anna opphevingsvedtaket er det gjort endringar i plankart, føresegner og planskildring.

Plandokument er tilgjengeleg i planregisteret.            

Saksnummer: 2022/2916

Frist for merknader er satt til 03.01.2024.  
Merknadar sendast til post@kvinnherad.kommune.no, eller som brev til Kvinnherad kommune, Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal.  

For meir informasjon sjå planregisteret og kommunen si kartløysing.