Dersom du er hamneansvarleg er du pliktig til å ha ein plan for avfallshandteringa for hamna. Dette gjeld uavhengig av føremål, aktivitet og storleik på hamna. For å sleppe og utarbeida ein eigen plan kan du melde di interesse for å vera med i felles avfallsplan som Kvinnherad kommune er ein del av. Planen har vore gjeldane sidan 2015 og skal i haust inn for ny godkjenning. Vi har eit mål om at fleire hamner melder seg inn i felles avfallsplan. For meldeskjema og informasjon kan du ta kontakt med synneve.skei@kvinnherad.kommune.no , mobil 90146818.