Råda vert vald for fire år.  Ved å delta på dei månadlege rådsmøta får medlemmane høve til å påverka politiske saker innanfor sine område. Kvart av råda består av 5 medlemmar, der 4 av desse er politisk uavhengige. Det skal veljast like mange vararepresentantar, slik at kommunestyret treng minimum 8 kandidatar å velja mellom for kvart råd. 

Kven er aktuelle? 
Eit fleirtal av medlemmane i eldrerådet må vera over 60 år, slik at også yngre kan melda seg. Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne har inga aldersavgrensing, men det er ein føresetnad at medlemmane har ei særskilt interesse og engasjement for rettane til funksjonsnedsette.  

Døme på saker råda får til uttale er kollektivtransport, universell utforming, helse- og oppvekstsaker og  planarbeid. Råda kan også ta opp saker på eige initiativ.  

Alle som innfrir vilkåra for å sitja i råda vil bli vurderte av kommunestyret og det er ikkje  krav om at kandidatane er knytt til ein organisasjon. Aktuelle organisasjonar og lag har rett til å føreslå sine medlem til å sitja i råda. Rådet er ikkje eit talerøyr for organisasjonane, men skal representera spennet i dei to store gruppene. Kandidatar til råda må kunna setja seg inn i overordna saker, andre sine utfordringar og samarbeida godt både med andre rådsmedlem, administrasjonen og politikarane. Det er ynskjeleg at råda består av personar med ulike erfaringar, alder, utfordringar og kjønn.  

 

Slik melder du deg 
Kommunen ber om at interesserte melder seg innan 31.august til: 

Kvinnherad kommune 
Rosendalsvegen 10 
5470 Rosendal  

eller til post@kvinnherad.kommune.no 

Meldinga må innehalda informasjon om kva råd du ynskjer å delta i og kvifor du er eigna til å kome med råd innanfor saker som er av interesse for det aktuelle rådet. Helseopplysningar er i utgangspunktet teiepliktige, og bør utelatast frå meldingar til kommunen. Dersom du meiner at din helsetilstand er av betyding for å bli valt, ber me om at du legg ved ei skriftleg erklæring om at opplysninga kan delast i eit offentleg kommunestyremøte. 

Har du ytterlegare spørsmål?  

 

Leiar for eldrerådet, Vidar Ask, kan kontaktast per telefon 41 56 36 35 

 

Leiar for rådet for menneske med nedsett funksjonsevne, Anne-Grethe Høisæther, kan kontaktast per telefon 92 88 43 94.  

 

Deltaking på rådsmøta og reisekonstandar vert kompensert etter gjeldande satsar. Opplæring vil bli gitt.