Frode har i tillegg undervist i pianospel og band. Han er eit ja-menneske og driv ofte uløna dunadsarbeid. 

Levekårsutvalet kan kvart år dela ut ein kulturpris til enkeltpersonar eller lag/organisasjonar i eller med tilknyting til Kvinnherad kommune. Kulturprisen vert gitt for særleg fortenestefull frivillig innsats for kulturlivet i kommunen eller for aktivt kulturarbeid over lengre tid. Levekårsutvalet avgjer om kor vidt prisen skal delast ut kvart år, kven som skal få prisen og korleis han skal delast ut. Dersom komiteen finn at fleire enn ein bør ha prisen same året, kan det delast ut fleire prisar.

Dette var det nye Levekårsutvalet sitt fyrste vedtak.