Firkløveret har mellom anna starta og driv koret Perlene. Koret øver kvar onsdag i 1,5 time. I tillegg vert det sett opp juleforestillingar og andre oppsetnadar gjennom året. Koret er ope for alle born som går i grunnskulen. Juryen legg ekstra stor vekt på at Perlene inkluderer born frå fleire bygder og har fått opplyst at per i dag har dei medlemmar frå Halsnøy, Valen og Sunde skule. I koret er Maria dirigent, Merethe er medhjelpar, Kjartan held styr på musikk og anlegg, og Sindre er «alt moglegmann» som stiller opp der det trengs (til og med som sjørøvar på piratfesten til fiskefestivalen).
 – Firkløveret er òg særs aktive utanom Perlene, der dei nyttar store deler av fritida si som frivillige på Halsnøy Kulturhus, Sæbøvik vel eller for Halsnøy idrettslag. 

Desse «eldsjelene» Er dedikerte og legg ned ein enorm innsats for frivilligheita kvar veke for å gje born tilbod gjennom heile året. Dei fortener verkeleg å bli verdsett for det gode arbeidet dei gjer, og juryen håpar at «perlene» siktar mot stjernene inn i framtida.

I går kveld, onsdag 13. desember, var det høgtidleg utdeling av årets kulturpris og årets frivilligpris. Prisvinnarane vart feira med 3 rettars middag på Emza, på Halsnøy. 

Det var nydeleg mat, godt selskap og ei høgtidleg stund i godt lag. ❤️

                                                                                             Kulturprisvinnar Frode Kaldestad saman med ordførar Vegard Bjørnevik.