Totalt 370 påmeldte deltakarar frå ungdomsråd over heile landet deltok. Konferansen er ein nasjonal arena for læring og erfaringsutveksling mellom ungdomsråd og dei som arbeidar for og med ungdom i kommunane.

Mosjøen ungdomsråd og Vefsn kommune vart kåra til årets ungdomskommune i 2021, og var arrangør av ein lærerik og inspirerande konferansen saman med Bufdir. Neste gong er det det Kvam sin tur til å arrangere konferansen sidan dei vann prisen for årets ungdomskommune 2023.

Ungdomsrådet vårt har fått mange gode idear til å jobba vidare med for å gjera kommunen vår til ein endå betre kommune for ungdommane våre.