Studentane som kjem er så godt som ferdigutdanna, det er siste praksisen deira før dei går ut i jobb. Dette samarbeidet er til stor glede for elevane, som får masse praksis i å snakke engelsk. Og også for tilsette som får øva seg i å snakke engelsk og som får sjå korleis nyutdanna lærarstudentar frå USA praktiserer yrket. I helga kom ei gruppe på fem studentar til Rosendal. Det er Logan Carlson, Kami Hauswirth, Taylor Heuthorst, Noah Rusinko og Taylor Washburn. Dei startar på skulane no i dag. Denne gongen er det Hatlestrand skule, Malmanger skule, Bringedalsbygda skule og Husnes Ungdomsskule som får studentar.