Førebyggjande

Førebyggjande avdeling si oppgåve er å verna liv, helse, miljø og materielle verdiar gjennom krav til førebyggjande tiltak mot brann og eksplosjon. Dette vert gjort mellom anna ved å gå tilsyn i dei bygningane i kommunen som er definerte som særskilde brannobjekt (sjukeheimar, større verksemder, skular, osv). Avdelinga driv informasjonsarbeid, både opp mot privatpersonar og tilsette i ulike verksemder. Kvart år vert det gjennomført brannvernopplæring av 6.- klassingane i kommunen. Avdelinga handsamer saker som omhandlar lagring av brannfarleg vare, sal av fyrverkeri, større arrangement etc. I tillegg har førebyggjande avdeling det overordna ansvaret for feiing i kommunen.

Kontakt
Avdelingsleiar Øyvind Ousdal
Tlf. 970 74 594
Branningeniør Mette E. Vintertun
Tlf. 481 38 671

Beredskap

Beredskapsavdelinga si oppgåve er å verna liv, helse, miljø og materielle verdiar mot brann og eksplosjon, mot ulykker med farleg stoff og farleg gods og andre akutte ulykker, samt uønska tilsikta hendingar. Beredskapsavdelinga er fordelt på 8 brannstasjonar:

  • Fjelberg
  • Halsnøy
  • Husnes
  • Rosendal
  • Uskedalen
  • Varaldsøy
  • Ølve
  • Åkra

Kontakt
Avdelingsleiar Ruben Medhus
Tlf. 472 64 415
Brannsjef Atle Josdal 
Tlf. 947 85 308

Vakthavande brannsjef kan treffast på tlf. 995 74 117.

Om du treng akutt assistanse i samband med brann/ulukker, ring 110.