Kondolanseprotokoll til minne om Hans Majestet Kong Harald V
I samband med bortgangen til Hans Majestet Kong Harald V ønskjer Kvinnherad kommune å gje innbyggjarane høve til å skriva ei personleg helsing og visa si deltaking i sorga.
Det er lagt ut kondolanseprotokollar på følgjande stader:
Kvinnherad rådhus i Rosendal
- 1. etasje
Open måndag til fredag kl. 08.00–15.00
Kvinnherad bibliotek
Halsnøytunet
- Måndag til fredag 08.30-17.00
Ølve alderspensjonat
- Måndag til fredag 08.30-17.00
Kondolanseprotokollane vil vere tilgjengelege frå i dag 28. august 2026, og blir liggjande så lenge nasjonale føringar tilseier dei skal liggja.
Alle innbyggjarar som ønskjer det, er velkomne til å skriva ei helsing til minne om Kong Harald V.
Helsingane vert tekne vare på og formidla vidare i samsvar med nasjonale retningsliner.
Det er avgjort at Kvinnherad kommune flaggar på halv stong dei fire stadene det ligg kondolanseprotokoll kvar dag fram til gravferda til Kong Harald V. Flagget vert heist i tråd med flaggreglane; opp klokka 0800 og ned ved solnedgang no som solnedgang kjem før klokka 2100.
Sist oppdatert
