
Erik Bye konsertbingo i regi av Linda Fosse var underhaldning for bebuarar på Rosendalstunet, Halsnøytunet og Husnestunet i førre veke.
Konsertbingo på institusjonane
Førre veke besøkte Linda Fosse Rosendalstunet, Halsnøytunet og Husnestunet med programmet Erik Bye konsertbingo.
– Dette var ein hyllest til Erik Bye, og våre unge ferievikarar fekk ei musikalsk oppleving med songar frå ein artist dei færraste av vikarane hadde høyrt om, saman med bebuarane på sjukeheimen som hadde god kjennskap til Erik Bye. Dette var eit arrangementet som engasjerte på tvers av generasjonar, og som blei sett stor pris på, melder Tove Omdal, einingsleiar for institusjonane.
Sist oppdatert
